Dette fortel koordinator for TV-aksjonen i Eid, Janne Endal Andersson.

– Ein høyrer jo om andre stader i Sogn og Fjordane der ein slit med å skaffe nok bøsseberarar. Her i Eid er det motsett. Vi må nesten skaffe oss fleire bøsser til neste år, seier Endal Andersson.

I fleire år har det vore tradisjon av elevar ved Fjordane Folkehøgskule stiller opp i TV-aksjonen i Eid, og går med bøsser i sentrum. Det skal dei også gjere i år.

– Folkehøgskulen stiller med rekordmange bøsseberarar, heile 90 personar. I tillegg stiller alle lærarane opp for å organisere elevane. At folkehøgskulen er så på hogget og stiller opp kvart år, betyr utruleg mykje for Eid kommune, meiner Endal Andersson.

Engasjerande tema

Onsdag kveld var kommunekomiteen for TV-aksjonen i Eid samla i rådhuset. Der vart det gjeve informasjon, og bøssene vart gjort klare til utdeling. Det vart også delt ut t-skjorter og anna materiell.

I år er det politikarane i Helse- og omsorgsstyret som er ansvarlege for dei ulike rodene i Eid kommune der bøsseberarane kjem på døra søndag.

– På grunn av reiser er det nokre forfall, men dei har blitt erstatta av nokre eldsjeler som har steppa inn. Det heile ser veldig bra ut fram mot søndagen, seier Janne Endal Andersson.

I år er temaet for TV-aksjonen UNICEFs arbeid for å gje utdanning til born ramma av krig og konflikt. Dette er eit tema som engasjerer breitt.

– Kronprinsen er årets høge beskyttar, og kjende namn som Ole Gunnar Solskjær har jo lenge vore engasjert i UNICEF. I tillegg har vi jo «alle barn har rett til»-generasjonen, så det å stille opp for at barn skal få utdanning er eit tema som fengjer, seier Endal Andersson.

Med på samlinga onsdag kveld var også nyvald leiar i Eid ungdomsråd, Pascal Sibondagara (14).

– Det er kjempeflott at ein samlar inn pengar til barn som verkeleg treng det, og det er veldig kjekt at det er så stor entusiasme rundt denne TV-aksjonen, seier han.

Mange barn råka

Eitt av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. TV-aksjonen 2017 skal gje utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.