Både kommunen sjølv og eit 30-tals lag og frivillige organisasjonar hadde stand og viste fram litt av det dei står for.  Uteaktivitetane der små og store kunne prøve seg på litt av kvart, var populære. Det var også underhaldninga med MGPjr-deltakar Oselie Hagen Henden som er klar til finale i Oslo 4. november.

I biblioteket var det ei flott dinosaurutstilling som barna kunne leike med, ute var brannbilar med blålys, og mange nytta høvet til å gå på gratis Elias-kino.