Det var i utgangspunktet skissert at ti omsorgsbustader ville ha ein kostnad på 32.000.000 kroner eks mva., og med forventa tilskot ville kommunen få ei nettoutgift på 13.770.000 kroner. Ein såg då føre seg ei utbygging på 12–1300 m².

Gjennom arbeid i prosjektgruppa synte det seg at behovet for fellesareal var større. Brukarane har mellom anna behov for plass og «frisoner» utanom eigne, private areal. Andre tilhøve som har vore med og auka opp arealet er trongen for vaktrom i direkte tilknyting til husværa. No er det lagt inn fire vaktrom, kvar med to sovealkovar og eit lite bad. Det er også og lagt inn eit aktivitetsrom med kjøkken.

Arealet i dei reviderte skissene er auka til totalt 1980 m², inkludert garasje og utbygginga vil gje ein nettokostnad for Eid kommune på 32.104.000 kroner, 16.874.000 kroner meir enn det som var stipulert i utgangspunktet.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal handsame saka i møte 25. oktober og helse- og sosialutvalet i møte torsdag 26. oktober.