Prosjektet STAD 2020 – Eid og Selje i ny kommune starta formelt sett opp etter konstitusjonen av fellesnemnda og tilsetjing av prosjektleiar Åslaug Krogsæter 24. august i år. Tida i etterkant av dette har blitt nytta til å fastsetje overordna rammer, få på plass prosjektorganisasjon og starte arbeidet med å forankre prosessen hjå prosjektdeltakarane, tillitsvalde og tilsette i dei to kommunane.

STAD 2020 hadde måndag sitt første møte med prosjektleiarane som skal ha ansvar for dei ulike delprosjekta fram til ny kommune. Dei tillitsvalde er også sterkt involverte i arbeidet med å byggje saman dei to kommunane.

– Spennande arbeid

Eid-rådmann Åslaug Krogsæter er prosjektleiar og Kristine Dahl er prosjektkoordinator. Krogsæter håper at arbeidet blir kjekt og lystbetont for alle dei involverte. Sjølv er ho optimistisk og entusiastisk med tanke på den oppgåva ho no skal ta til med.

– Det er eit utruleg spennande arbeid vi skal ta fatt på, eit stort organisasjonsendringsprosjekt. Her har vi mogelegheit til å gjere ting betre, sjå på styrker og svakheiter ved dagens organisering og ta vare på det som er bra. Det blir også viktig å sjå på korleis vi kan nytte nye arbeidsmetodar og ny teknologi til å skape meir heilskaplege og effektive tenester, seier Krogsæter.

Grundig kartlegging

Krogsæter og Dahl forklarer at det skal gjerast eit grundig kartleggingsarbeid, og at ein tek sikte på å få etablert ein kultur der ein bruker energien på å skape noko positivt. I tida fram mot årsskiftet skal det jobbast med mandat for dei ulike delprosjekta. Mandata skal innehalde ei prosjektbeskriving med definerte målsettingar, suksessfaktorar og risiko for dei ulike områda.

Delprosjektleiarane har ulike roller og ulik bakgrunn, noko som prosjektleiinga ser på som ein styrke ved at ein har forskjellig innfallsvinkel. Gjennom å vere med på å forme Stad 2020 får dei, i tillegg til å gjere ein viktig jobb, også mogelegheit til å utvikle seg og auke kompetansen sin. Det første dei no skal gjennom er eit kurs om prosjektleiing tilpassa dette føremålet.

Prosjektgruppa

Dei som er med i prosjektgruppa for STAD 2020 er: Barbro Os Noste, hovudtillitsvald Fagforbundet i Eid, Sissel Solheim, hovudtillitsvald Fagforbundet i Selje, Mirjam Bruvoll, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet i Eid, Wenche Berget, leiar for servicekontoret Selje kommune (prosjektleiar delprosjekt; Stad 2020 – Den heilskaplege kommune), Ingrid Stave, tenesteleiar familie og velferd (prosjektleiar delprosjekt; Å bu i STAD 2020), Ingunn Rotihaug, personalsjef Eid kommune (prosjektleiar delprosjekt; Stad 2020 som organisasjon og arbeidsgjevar), Elin Paulsen, prosjektmedarbeidar informasjon og kommunikasjon STAD 2020, Håvar Fagerli, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet i Selje, Roar Sætre, plan- og utviklingssjef Eid kommune (prosjektleiar delprosjekt; Stad 2020 som tilretteleggar for samfunnsutvikling), Harald Sivertsen, kommunalsjef Eid kommune (prosjektleiar delprosjekt; Sosial og fagleg utvikling og opplæring i Stad 2020), Åslaug Krogsæter, prosjektleiar STAD 2020, Barbro Longva, tenesteleiar Seljetunet (prosjektleiar delprosjekt; Å ha sitt helse – og omsorgstilbod i Stad 2020), Kristine Dahl, prosjektkoordinator STAD 2020 og Geir Holmen, kultursjef Eid kommune (prosjektleiar delprosjekt; Å ha eit meiningsfullt og aktivt liv i Stad 2020)

Prosjektgruppa i arbeid. Foto: Anna Wuttudal