Dei ferske skissene viser spennande arkitektur, sjølv om vi veit det er eidarar som meiner dei er altfor dominerande i eit småhusmiljø.

Bygga er planlagd å ha variert høgd og takretning som skal gli inn i busetnaden som er i området allereie. Nettopp fordi det er stor høgde i terrenget på baksida har arkitekten sett at tomta kan vere eigne til å tole større høgder på dei nye bustadblokkene enn det som hittil har blitt bygd i Lunden.

Utbyggjarane ønskjer med dette å tilføre noko nytt og spennande, som plasserer Eid på kartet. Det trur vi dei også gjere med ei slik utbygging. Styreleiar Halfdan Faleide har rett i at ein no må byggje meir i høgda om ein skal unngå å bandlegge for mykje areal, trur vi.

No skal saka opp til politisk handsaming i Eid. Så spørst det om politikarane i Eid er klare for slik nyskaping og framtidsprosjekt som det dei her vert presentert for.

På Nordfjordeid har det vore ei sterk utvikling siste åra, både med bygging av kjøpesenter, omsorgssenter, fleirbrukshall med meir. Også bustadutviklinga har vore stor, og Eid har hatt vekst i folketalet.

I avisa tysdag kunne de lese om at det framleis er ein heit bustadmarknad på Nordfjordeid. Stadig fleire vil kjøpe hus og leilegheiter her, og mange er på jakt etter brukte einebustadar. Dei fleste ønskjer sentrumsnære bustadar, helst med gangavstand til det meste. Signala er også at det tek noko lenger tid enn før å få selt nye leilegheiter. Då er det frisk satsing frå Din Bustad å kome med planane om 60 leilegheiter i Lunden. Men det kan vere greitt tidspunkt å ha alt på plass, for så å gjennomføre når marknaden tar seg opp igjen.