Etter ei heil veke med intens øving, var det torsdag klart for å setje samvirket mellom aktørane i redningstenesta ut i praksis.

Situasjonen som vart sett i stand for praktisk øving var ein eksplosjon i verkstaden på yrkesfag ved Eid vidaregåande skule. Her fekk politi, brannvesen, helsevesen/ambulanse, sivilforsvar, Røde Kors og heimevernet øve på korleis dei skal samarbeide i praksis når alvorlege situasjonar oppstår.

Viktig læring

– Det er viktig å få testa ut i praksis korleis skadestadsleiarar innan dei ulike aktørane i redningstenesta samarbeider. Dette er ein effektiv måte å lære, slik at ein står betre rusta når ein alvorleg situasjon oppstår, seier Svend Åge Holte frå Sivilforsvaret.

Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt er vertsskap for kurset, medan kursgjennomføring og det pedagogiske ansvaret ligg hos Sivilforsvaret sitt kompetansesenter på Starum.

– Dette samvirkekurset er for dei ulike etatane i Nordfjord. Vi har tidlegare halde tilsvarande kurs i Sogn og Sunnfjord, fortel kursleiar Svend Åge Holte.

Han fortel at naudnettet ein har fått er eit godt verktøy for samvirke på skadestad mellom aktørar i redningstenesta.

– Her går alle inn i ei felles talegruppe, slik at ein får ei effektiv skadestadsleiing. Det er avgjerande at alle får nødvendig og riktig informasjon i slike situasjonar, seier Holte.

Fagleg påfyll

Kurset i samvirke på skadestad sitt hovudmål er å gje dei enkelte etatane sine leiarar på skadestad fagleg påfyll i skadestadsleiing, og då med fokus på samvirke.

Praktisk trening

Undervisninga har føregått med ei teoretisk og erfaringsbasert tilnærming, med stor vekt på praktisk trening i form av øving på modellbord og fullskala ute i felt.

Den store øvingsdagen for kurset var torsdag denne veka. Det vart då gjennomført to øvingar, der den eine altså var ved Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord.

Kursopninga var måndag denne veka på Firda Kaserne. Kurset vart opna av Distriktssjef Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt Stein Morten Rønningen og Distriktssjef HV11 Jon Arvid Svindland.

Are Fagerli frå Eid brannvesen (t.h.) og kursleiar Svend Åge Holte frå Sivilforsvaret.
Elev Trond Løviknes er skadd etter eksplosjonen, og får her hjelp av helsepersonell.