Stjernearkitekt skal teikne hus i Lunden

Sivilarkitekt og arealplanleggar i Ose ingeniørkontor AS Oddhild Fausa har på vegner Din Bustad Eigedom AS  utarbeidd eit framlegg til detaljreguleringsplan for bustadområde i Lunden. Formålet med planframlegget er å legge til rette for fire bustadblokker med tilhøyrande tilkomstvegar, parkering, leikeplass og grønstruktur.

Variasjon i gesimshøgder og mønehøgder

Av detaljreguleringa for bustadområdet går det fram at bygga er planlagd å ha variert høgd og takretning med referansar til den andre bebyggelsen i Lunden og vil stå fram kvite og lette med ein variasjon i gesimshøgder og mønehøgder. Med ei stor høgd i terrenget nord, og delvis aust, for planområdet har det blitt vurdert at tomta kan vere eigna til å tole større høgder enn det som hittil har blitt bygd i Lunden. Saman med den eksisterande bustadblokka i nord vil blokkene skape ei naturleg avgrensing av Lundenområdet inntil terrengdraga. Det nye  bustadprosjektet har likevel ei stor grad av openheit mellom blokkene, både som gangpassasje og visuelt gjennomsyn for å unngå å skape ein tett bakvegg.

Maks 29 meter

Det går fram av detaljreguleringa at ved å ikkje overstige 24 m med gesimsar og ha ei mønehøgd eller maksimal høgd på pulttak som ikkje overstig 29 meter vil bustadblokkene få ei god avslutning av Lundenområdet mot terrengdraga i aust. Dei vil og bidra til å skape eit moderne uttrykk for fortettingsarkitektur rundt sentrumsområdet som kan ha positiv verknad på andre sentrale utbyggingsområde.

Det vert peika på at geometrien og uttrykket på blokkene er lagt opp til å ha eit ledig og litt atypisk formspråk for å unngå kjedelege repetisjonar som mange bustadblokker ofte får.

Alle leilegheitene har hovudrom retta mot den beste retninga, vestover, for gode lysforhold og utsikt og kvar leilegheit har balkong retta vestover.

Parkering og leikeplass

Den felles parkeringsgarasjen er planlagd å ligge under terreng. På denne måten kan

flata over bli nytta til leikeplassar og parkområde. Hageområdet rundt bygningane har god kontakt med omkringliggande landskap og vegar. Det skal stå fram som eit grønt fellesareal/hage med landskapstrapper mot terrengdraget i nord for beplantning og opphald opp mot terrengdraget i nord.

Desse kan og nåast frå leilegheiter lenger opp i etasjane. Alle blokkene har hovudinngangane sine knytt direkte til fellesområdet. Trapper og rampe bind saman hovudområdet som inneheld grøntareal og inngangar med gata/Lundenvegen.

Leikeareal er sett av innanfor bustadområdet og er i samråd med kommunen lagt inn med totalt min. 300 m2. Dette er delt opp i mindre leikeplassar for å skilje mellom småbarnsleikeplass, ballplass og ev. temaplassar mv. Leikeplassane ligg skjerma frå gatetrafikk og i hagearealet til bustadblokkene.

Leikeplassane får tilkomst direkte frå hagearealet rundt blokkene og frå Lundenvegen via rampe/gangveg.

Politisk  handsaming

Sak om detaljreguleringsplan for ein del av Lunden blir tysdag 24. oktober lagt fram for teknisk- og samfunnsutvalet for vedtak om utlegging til offentleg ettersyn. Rådmannen sitt framlegg er at det private framlegget til detaljreguleringsplan for bustadområde i Lunden vert lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker, slik det ligg føre, men med nokre endringar.

Av saksutgreiinga går det fram at det ved varsel om oppstart kom inn ni uttaler til planarbeidet; frå Statens vegvesen,  Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Energi, NVE, Kirsti og Odd Utnes, Lina og Per Oos, Naboar Lundenvegen og Gjerdevegen og Sameiet Lundenvegen 22.

Naboar er opptekne av tilkomst

Fleire av naboane er opptekne av kvar tilkomsten til planområdet skal kome frå og korleis ein skal løyse auken i trafikk med omsyn til standard på dei interne vegane i Lunden-området. I felles innspel frå sju naboar kjem det fram at dei er uroa over auken i trafikken bustadblokkene vil generere, og at dei ønskjer at tilkomst til bustadblokkene skal kome frå E39 nord for planområdet.

Administrasjonen skriv i saksutgreiinga at tilkomst frå nord har vore drøfta med forslagsstiller, men slik planforslaget no ligg føre, vil ikkje dette vere mogleg med omsyn til parkeringskjellaren og terrengforskjell mellom eigedomane.

Motstridande interesser

Rådmannen sitt syn er at vurderinga av arealbruken for Lunden i utgangspunktet er lagt til kommunen sitt frie skjønn.  Kommunen som planmynde skal ivareta mange interesser og skal gjennom arealplanlegging legge til rette for den samfunnsutviklinga som ein ynskjer for kommunesamfunnet, som skissert i kommuneplanen sin areal.

Rådmannen skriv at det er naturleg at det ved fortetting av sentrumsområde vil ligge føre motstridande interesser, og kommunen som planmynde må avvege desse og til slutt velje den arealbruken som ein finn føremålstenleg for vidareutviklinga av samfunnet.

God beliggenheit

Forslagsstiller ønskjer å leggje til rette for fire bustadblokker med variert høgde og takretning, der maks gesimshøgd er sett til 25 m, og maks høgd for møne- eller pulttak er 29 m.

Då det ikkje er etablert bustadbebyggelse i bakkant av planområdet, vil ikkje blokkene stele utsikt eller forringe solforhold. Ein vurderer i så måte beliggenheita til å vere god.

I kommuneplanen sin arealdel er det ikkje sagt noko om byggehøgder. Det har ikkje tidlegare vore bygt så høgt i sentrum, og utfallet av saka vil såleis gi ei prinsipiell avklaring på kva rammer ein skal setje for fortetting i sentrum, samt kva type utvikling og utforming ein ønskjer for sentrumsområdet i framtida.

Tilstrekkeleg trygt

I arealdelen ligg området innanfor aktsemdområde for ras- og skredfare, då det ligg under marin grense. Det er utarbeida ein rapport om grunnforholda av Stokkebø Competanse AS, som konkluderer med at området er tilstrekkeleg trygt for utbygging med bakgrunn i at grunnforholda er vurdert til å vere gode.

Behov for oppgradering

Etter mottak av planforslag har kommunen vore i dialog med forslagsstiller vedkomande vegane i området, og behovet for oppgradering av desse med omsyn til trafikkauken utbygginga vil generere.

Forslagsstiller har gitt tilbakemelding om at det ikkje er ønskjeleg å endre framlagt løysing, der Gjerdevegen er foreslått einvegskøyrt, og austre del av Lundenvegen (til Bankgata) vert endra frå gang- og sykkelveg til køyreveg.

Forslaget tek utgangspunkt i ei trafikkvurdering gjort av Rambøll Norge, der trafikken av krysset E39 Lotevegen/Gjerdevegen er vurdert opp mot dagens- og framtidig situasjon ved utbygging. Vegane blir noko reduserte i forhold til krav i kommunal vegnorm og Statens vegvesen si vegnorm, grunna ulempene ei utviding vil medføre for tilgrensande eigedomar langs vegen.

Einvegskøyrt

Administrasjonen tilrår forslagsstiller sitt forslag om å gjere Gjerdevegen einvegskøyrt. Dette med bakgrunn i at Gjerdevegen vil bli den kortaste vegen til bustadblokkene, og at løysinga sikrar ei fordeling av trafikken. Totalbelastninga på Gjerdevegen vil dermed blir mindre. Det vert også peika på at med omsyn til mjuke trafikantar burde vegen belysast.

Ein tilrår vidare at austre del av Lundenvegen (til Bankgata) blir omregulert frå gang- og sykkelveg til køyreveg, og at køyrevegen vert tovegskøyrt. Dette føreset ei utviding av vegen, og at det blir etablert ny gang- og sykkelveg parallelt med vegen i nord.

Ulempa med dette vil vere at bustadar vil få trafikken forbi eigedomane sine. Ein vurderer likevel flytting av gangvegen til å vere det beste alternativet, då det sikrar at ein i framtida har moglegheit til å kunne etablere eit gangsamband til skuleområdet.

Uoversiktleg

Administrasjonen skriv at ei eventuell vidareføring av gangvegen mot nordvest til undergang under E39, vil grunna utbyggingsmønster i området ikkje vere mogleg. Dersom gangvegen skal bli liggjande der den er i dag vil den kome rett ut i eit kryss, noko som skaper ein uoversiktleg trafikksituasjon og gjer det vanskeleg med kryssing.

Det har i tillegg den siste tida vore eit auka fokus på tilrettelegging for gåande i trafikken, der ein tek sikte på å ha færrast mogleg kryssingspunkt. Rådmannen meiner at framlegget til detaljreguleringsplan for bustadområde i Lunden følgjer opp hovudtrekka i kommuneplanen sin arealdel og tilrår difor at planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn med endringar som er påpeika.

Gjennomføringa av reguleringsplanen krev at det vert inngått ein utbyggingsavtale mellom utbyggar og Eid kommune.

Planlagt plassering av dei nye blokkene i montasje på bilde frå Nordfjordeid. Eksisterande blokk i Lunden til venstre for dei fire nye. Bilde/illustrasjon: SteinArt.