Stjernearkitekt skal teikne hus i Lunden

Byggjer på "taket" av Eid

Dagleg leiar Vegard Meland og styreleiar i Din Bustad AS, Halfdan Faleide er svært godt fornøgde med dei planane for bustadområdet Lunden som no ligg klare til politisk handsaming. Det er den renommerte arkitekten Todd Saunders som har stått for utforminga. Han har ein x-faktor som gjer dette til noko langt meir enn berre endå eit standard bustadprosjekt i bygda.

Spennande fasade

Her er det ei litt utypisk utforming av blokker med fem, seks, sju og åtte etasjar, tilsynelatande litt tilfeldig spreidd ut over den 5,7 dekar kuperte bustadtomta. Men ser ein litt nøyare etter så er det slett ikkje planlaust, men grundig gjennomtenkt for å få ei heilskapleg løysing med attraktive, solrike bueiningar med ein spennande fasade, dei aller fleste med fjordutsikt, og der parkering er plassert under bakkeplan.

– Heilt genialt

– Arkitekt Todd Saunders er ekstremt dyktig til å tilpasse bygningar til omgjevnadane. Det er heilt genialt å bryte det opp i fire bygg med friareal og leikeplassar rundt blokkene. Området ligg i sentrum, men litt tilbaketrekt. Vi har sett inn i framtida og på sentrumsbehov som tvingar seg fram i Eid. Tilsvarande utbyggingar er allereie i gang eller på planstadiet fleire stadar i fylket, poengterer Meland.

– Dette er eit framtidsprosjekt. Vi må i høgda om vi skal unngå å bandlegge for mykje areal. Vi legg opp til ei stegvis utbygging, supplerer styreleiar Halfdan Faleide.

Leilegheitsmiks

Din Bustad har brukt mykje kompetanse, tid og pengar på planane, men har ingen bråhast med å kome i gang. Først må heile konseptet bli godkjent, og ein tek sikte på å gjennomføre behovsanalyse for å sy saman ein leilegheitsmiks som speglar det marknaden etterspør.

–  Vi har allereie ei bra liste med interessentar. Vi kjem til å ta kontakt med desse når det nærmar seg, slik at vi kan tilby dei løysningane dei ynskjer. Vi ynskjer oppstart i 2018, opplyser Meland.

Din Bustad Eigedom AS(DBE) er eigd av Din Bustad AS, der Vegard Meland, Torgeir Melheim og Svein Lasse Bødal er eigarar. Selskapet tek mål av seg til å bli ein av dei leiande aktørane innan gode bustadprosjekt i Nordfjord.

LEDIG FORMSPRÅK: Geometrien og uttrykket på dei nye blokkene er lagt opp til å ha eit ledig og litt atypisk formspråk for å unngå kjedelege repetisjonar som mange bustadblokker ofte får.(SAUNDERS ARKITEKTUR AS)
Planlagt plassering av dei nye blokkene i montasje på bilde frå Nordfjordeid. Eksisterande blokk i Lunden til venstre for dei fire nye. Bilde/illustrasjon: SteinArt