Når sosialistane ropar på meir stat og høgre-partia på meir marknad, er det viktigare enn nokon gong at nokon står opp for betydinga av frivillegheita og eit sterkt sivilsamfunn. Mitt parti, Venstre, har i over 130 år stått opp for frivillig-Noreg. Venstre har sidan danninga i 1884 kjempa for at vi må ha eit sterkt sivilsamfunn og eit mangfald av frivillige organisasjonar, for å fylle rommet i samfunnet der verken staten eller marknaden kan eller bør vere.

Frivillegheit gjev folk makt over eige liv. Det skaper gode lokalsamfunn nedanfrå og byggjer eit levande folkestyre. Meir frivillegheit blir ikkje minst viktig i framtida, med ein velferdsstat som i omfang har nådd grensa for kva som er mogleg å handtere, og helse- og velferdsutfordringar vi ikkje lenger kan "kjøpe" oss ut frå med sjukehusinnlegging og dyre medisinar - men som krev at folk møter folk og stiller opp for kvarandre.

I haust må kampen for frivillig-Noreg takast på nytt. Regjeringa har lagt fram eit statsbudsjett med det Venstre meiner er uakseptable kutt til frivillig-Noreg.

Venstre vil sikre framtida til 4H og dei over 30 andre frivillige organisasjonane som blir foreslått kutta frå Landbruksdepartementet sitt budsjett. Berre i Sogn og Fjordane har 4H meir enn 70 lokale lag med 1900 medlemmer, først og fremst born og unge. Veldig mange i bygde-Noreg får sin fyrste organisasjonskunnskap gjennom 4H, og lærer om landbruk, natur og friluftsliv.

Venstre vil også gå inn for å få ei betre momskompensasjonsordning for kultur-og idretts-Noreg med mål om full momskompensasjon for frivilleg sektor. Vi vil også styrke, ikkje svekke, satsinga på folkehøgskulane. Folkehøgskulane er eit viktig pedagogisk alternativ til det eksamens-baserte skuleverket elles - og tett knytt til sivilsamfunnet og frivillig-Noreg.

Eit godt samfunn blir bygd stein for stein nedanfrå, ikkje gjennom ein stadig meir sentralisert stat eller ein marknad med stadig færre og større aktørar. I framtida må frivillig sektor vekse, ikkje blir strupt. Det er ein av dei viktigaste ideologiske kampane i vår tid - og burde vere eit opplagt felles prosjekt for borgarleg side i norsk politikk.

I år har diverre Høgre på uforståeleg vis svikta frivilleg-Noreg. Då må Venstre ta kampen for dei frivillige i haustens statsbudsjett. Å satse på frivillegheit er små pengar, som skaper enorme verdiar for samfunnet og kvar einskild.