Familien Engeland/Løkling bur i bustadfeltet Åsen på Hauane, om lag sju kilometer frå Nordfjordeid. Dei bestemte seg for å flytte inn til sentrum og har kjøpt seg hus på Skårhaugstranda, der det er gangavstand til skule og andre aktivitetar på Nordfjordeid.

Då avgjerda om å flytte var teken, skreiv Vibecke om dette på facebooksida si. Dei innhenta takst på huset sitt, rydda, laga det koseleg med fyr på peisen, tok bilde og laga sjølv prospekt som Vibecke la ut på si eiga facebookside der ho bad venner om å dele denne informasjonen.

– I løpet av få timar var det tre interessentar som ville kome på visning i helga. Vi fekk inn bod som samsvara med taksten måndag, og tysdag var huset selt, fortel Vibecke, som er godt fornøgd med å spare pengar på eigedomsmeklar. Men dei har leigt advokat til å hjelpe seg med dei formelle papira med oppgjer og kontraktskriving i samband med eigedomsoverdraginga.

Huset i Åsen var bygt i 1974, Vibecke og familien har budd der i 12 år og har i løpet av desse åra restaurert det. Kjøpar var ein ung hauar som flyttar heim att.

Ein enklare kvardag

Med tre aktive barn blir det gjerne tre-fire turar inn til Nordfjordeid sentrum kvar dag. Vibecke har også helseutfordringar som ho må ta omsyn til, og familien var ute etter noko meir lettvint enn den 1,5 dekar store tomta i Åsen. Då ho og mannen fann det perfekte huset på Skårhaugstranda, var valet lett, og familien ser fram til ein enklare kvardag med mindre stress ved middagsbordet og at barna kan sykle meir til skule og aktivitetar.

Trendar i tida

– Eit stjerneeksempel på korleis det skal gjerast. Vibecke og familien er eit godt eksempel på trendar i tida. Folk vil bu sentrumsnært, og mange er ute etter brukte bustader. Det vi har sett den siste tida er at det er stadig fleire som sjølve marknadsfører og sel bustadene sine via sosiale medium, seier autorisert finansiell rådgjevar Arild Vonheim i Sparebanken Vest.

Nøkkelen er å ha fine bilde, og det bør vere ryddig i romma. Vibecke, som jobbar med design, har fortrinn når det gjeld å lage attraktivt prospekt, men Vonheim trur at mange kan klare mykje av dette sjølve.

Vibecke Engeland Løkling laga sjølv prospekt med informasjon og tok bilde som ho la ut på Facebook og bad vennene om å dele. Foto: Anna Wuttudal
Deling på Facebook medførte rask respons frå aktuelle kjøparar. Foto: Anna Wuttudal
– Vibecke Engeland Løkling er eit godt eksempel på dagens trend, seier autorisert finansiell rådgjevar i Sparebanken Vest, Arild Vonheim. Foto: Anna Wuttudal