Kystverket har saman med det vidkjende arkitektfirmaet Snøhetta, laga illustrasjonsbilete av skipstunellen som viser tydeleg korleis landskapet i Moldefjorden og bygda Kjøde på nordsida vil bli berørte av tunellprosjektet.

Folk må flytte

Alf Bjarne Teigen (67) og kona Reidunn (62) bur rett over området der tunellinnløpet er planlagt. Alf opplyser at det ligg an til ein god avtale med Kystverket om erstatning. Han og kona har planane klare for framtida. For dei er det ikkje noko alternativ å bli buande i distriktet.

Dei har valt å flytte til Austlandet. Der vil dei kostnadsfritt få oppført eit bustadhus av tilsvarande standard som det dei no har i Kjøde.

Fire bustadhus må rivast

Teigenfamilien er godt nøgde med dialogen med Kystverket. I tillegg til bustadhuset eig dei eit småbruk, og dei reknar med å få betalt erstatning for jord og bygningar på dette.

Alf Bjarne Teigen trur at grannane også vil få akseptable avtalar, men endeleg avtale er ikkje inngått for nokon av dei berørte familiane. I dei fire våningshusa som skal bort, bur det folk fast i tre av dei. I husa bur det i alt seks personar. Teigen fortel at dei andre truleg får seg nye bustader i nærområdet utanbygds.

Minneleg ordning

Teigen har heile tida vore innstilt på ei minneleg ordning med Kystverket. I dette spørsmålet har heile familien vore einige. Eitt av borna bur i Florø, og to sentralt på Austlandet, noko som har gjort det mest aktuelt å flytte dit.

Teigen trur nok han vi sakne Pollen og fjordfisket, men ikkje det labile vêret heime. Før øvrig vil han framleis ha eit jordstykke med uthus og naust ved fjorden i heimbygda, og kan besøkje Kjøde når han ynskjer.

Rosar kystverket

Teigen rosar Kystverket for god behandling heilt sidan det blei klart at dei måtte flytte. Det kan antakeleg skje om eit par år. Interessene deira er tekne godt vare på heile vegen, meiner Teigen. Frå kommunen har dei ikkje høyrt eit ord. På spørsmålet om kva som er verst med flyttinga svarar Teigen kategorisk: «Ingen ting».

Nytt liv på ny stad

Dei har fått veldig god tid å omrømme seg og venje seg til tanken på eit nytt liv på ein ny stad. Når det gjeld eigedomen dei må reise ifrå i Kjøde, meiner Teigen at ingen ting er uerstatteleg. No gler dei seg til å komme nærare borna og eit turrare klima, og er ivrige etter å få bestemt tomta, få bygd nyhuset og gå i gang på ein ny plass.

Alf Bjarne Teigen er heilt fersk pensjonist etter 32 år i AS Olivin og seinare Sibelco på Åheim. Reidunn Teigen jobbar som assistent på Stadlandet Skule.

Folketalet går ned

Kjøde misser seks innbyggjarar når Stad Skipstunnel kjem, og vil ende på vel femti. Som mange utkantbygder slit bygda med å få unge familiar til å flytte dit. Men eit par familiar har flytta til Kjøde dei siste åra og leiger hus. Dei som vert buande i bygda vonar på meir liv og røre når tunellen kjem. Det blir det garantert i anleggstida på 3–4 år.

Slik ser Kjøde ut i dag med i underkant av 60 innbyggjarar. Skipstunellen vil endre Kjøde dramatisk. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Her kjem tunellporten. Fire bustadhus må bort og seks personar må flytte. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Alf Teigen blei fødd på småbruket i 1950. Foto: Per Ole Lefdalsnes
To av husa som vil bli rivne og fråflytta. Teigen sitt til høgre. Foto: Per Ole Lefdalsnes