For å byrje med ein illustrasjon på kor mykje verda har endra seg i tida som har gått: Niåringen Rasmus Sunde, yngst av åtte søsken, sovna blid og fornøgd julaftan fordi han hadde fått eit par nye sko i julegåve – sko som ingen hadde brukt før han. For han ei storhending som han seinare fortalde om som noko av det han hugsa best frå barndomen. Ikkje mange niåringar ville ha nøgd seg med det i dag.

Rasmus Marius Andreasson Sunde (1891–1963) voks opp i Olden i små kår. Han tente sine første skillingar på å springe med telefonbod frå «sjøna» og opp til Oldevatnet og seinare som skyssgut for turistane, noko den oppveksande slekt heller ikkje driv med i våre dagar. Faktisk fekk han i hop så mykje pengar at han kunne dra til Eid og gå på Fjordenes Amtsskole. Som mange andre handlande starta han forretningskarrièren på Eids Handelsforening, der han vart tilsett i 1910 og vart verande i fleire år. Tidleg i 1917 drog han til Elverum for å overta Leirets Kooperative Forening, men fann det vel i lengda lite tilfredsstillande å arbeide for andre. Han returnerte i alle fall til Eid og starta opp for seg sjølv same hausten. Og historia byrja.

Bryllaup og nybygg

Dei første åra hadde Rasmus både bustad og utsal i huset til skreddar Bergsæth, som også var innflyttar på strandstaden. Ein bror av Rasmus, Hans, og Johan Raad var medeigarar den første tida, og namnet på firmaet var Sunde & Co a/s. Dette endra seg til R. Sunde med Rasmus som eineeigar i 1921. Og vareutvalet? Firmaet presenterte seg som «Spesialforretning i ferdige dresser, frakker, gutte- og arbeidsklede, undertøi, skotøi m.m.». Det som var mest spesielt, var at dette var første gongen det var mogleg å kjøpe ferdige kle i Nordfjord. Elles fanst det slikt som fotoutstyr, musikkinstrument og i førjulstider kunne dei til og med ta inn blomar. I gamle annonsar finst reklame for «Galoger i amerikansk facon» og Reiseeffekter.

Etter nokre år gifte Rasmus seg med Dagny Os, som budde berre eit steinkast unna, i Hola. Handelen skaut fart, og det vart snart aktuelt å få noko for seg sjølv.

Sundheim

På ein del av Yrimarka stod Sundheim ferdig i 1924 med butikklokale i første høgda og bustad i andre og tredje. Bak huset var det ein stor hage. Byggmeister Paul «Løkjapål» Løken tykte han Sunde tok vel hardt i – butikklokalet var det som i dag er den minste delen av skobutikken, mot gata. «Eg forstår ikkje KA du ska med ditta store huset, du kjem’ikkje te å sjå igjen varene dine», meinte Løkjapål.

I ein periode på tjuetalet dreiv Rasmus også drosjekøyring – med to av dei få bilar som fanst på Eid. Det går fram av avtaleboka at mellom andre sokneprest Løvoll nytta seg av drosje opp til fleire gonger i månaden, og at han måtte ut med eit par kroner berre han skulle ein tur til Stårheim! Korkje Rasmus eller Dagny hadde nokon gong sertifikat.

Berre ein att

Det kom etter kvart fire søner i Sunde-familien; Andreas, mest kjend som Prikken (1923-1998), Karl (1924-2015), Ove, fødd 1927 og Finn (1932-2017). Prikken var den einaste som valde eit anna yrke. Dei tre andre vart i firmaet i alle sine arbeidsår. I dag sit Ove att som den einaste. Han er nitti år og har hovudet fullt av minne frå gamle og nyare dagar. Butikken var sentrum i livet i oppveksten, ved sidan av leik og skule. Om mor Dagny vert det sagt at ho var den første i butikken om morgonen og den siste om kvelden, og det i over 65 år. Ho hadde tanke for dei små kundane òg, og skaffa seg mange vener ved å samle på trekjernane inni stoffrullar, og dele dei ut til ungar – som i den tida laga lekier av ingenting. «Ekj’on her dinnja bestemora?» spurde ein liten håpefull ein då han kom inn saman med mor si.

Lange arbeidsdagar

Ved sidan av lange arbeidsdagar fekk Dagny tid til enorme mengder handarbeid og, ikkje minst, fisking i fjorden. Dette var to hobbyar som ho gjerne dyrka. Det må vere mange eidarar som hugsar henne, bak disken, smilande og blid, med knute i nakken og kjoleforkle. Rasmus stod sjølv for rekneskapen, men denne jobben vart etter kvart overteken av Ove, som har halde fram heilt til nyleg.

Det gjekk gjetord om korleis det bar til når det var sal hos Sunde. Ove fortel at det gjekk føre seg om våren og hausten. Då var det ikkje berre eidarane som storma butikken, men bussar og båtar kom frå alle utkantar. Det vart kaos i butikken og der verserte historier om kjekling og til og med slåsting om restevarene.

Ein forarga mannleg kunde kom med denne replikken til ein flokk damer som stod med hovudet ned i ei kasse med stoffrestar: «No må de flytte desse tjukke rævene dokka». Han Bjarne Folkestad opplevde å måtte gå ut bakvegen fordi det ikkje var mogleg å kome seg tilbake til inngangsdøra – og han skulle nå avgangstida for bussen han skulle køyre. Det var visst han som også fekk kritikk av ein kompis som stod ved sida av han i butikken, og som meinte at han burde byte ut den fillete lommebok si. «Ja, den er no like god som kassaapparatet hans Sunde» meinte han, og refererte til sigarkassa som Rasmus hadde til det bruk.

Utvidingar

I 1930 sette Rasmus opp eit hus lenger nord i gata, der Faleide-huset no står. Han ville utvide med møbelsal og trong meir plass. Etter nokre år selde han huset og bygde i staden på to etasjar i bakkant av Sundheim, noko som reduserte hagen. Møbelavdelinga vart etter kvart Karl sitt ansvar. Han bygde nytt hus «nedom vegen» i 1960.

No var Sunde på begge sider av gata, og sal av møblar, seinare også teppe, golvbelegg og målingsartiklar vaks så mykje at det enda med stort nybygg i Leirongane og flytting av møblane dit. Ove og Finn delte på den minste delen av bygget, og Lagerutsalget, som Reidun driv i dag, starta der. Sønene til Karl, Kjell og Helge, held i dag til i Leirongane med Sunde Møbler og Fargerike Sunde.

På åttitalet gjekk klesavdelinga, som vart driven av Finn inn i Cubus-kjeda. Eit tilbygg sørover frå 1967 vart utvida i 1989 til det som fekk namnet Cubus-bygget. Finn dreiv ei tid Tekstilutsalget i tredje etasjen der. Sonen hans, Frank, og dottera Inger-Dorthe dreiv Cubus fram til avviklinga i 2016.

Alt i 1952 vart butikken godkjent som «Spesialforretning for skotøy». Skoavdelinga vart til eigen butikk, som Margrete overtok i 1990 og dreiv først på austsida mot busstasjonen, no også fram mot gata. I Måløy driv Lisbet Sunde Eltvik, også dotter til Ove, Lagerutsalget A/S og har gjort det i tretti år.

Eit heilt lite dynasti har det blitt etter Rasmus Sunde på desse hundre åra. Familien kan gjerne feire!

Karl selde det første eksemplaret av ein Stressless-stol. Her er han på besøk hos Jens Petter Ekornes.
Det var Finn og borna Frank og Inger-Dorthe som dreiv Cubus.
Ein sommardag i juli 1922 gifta Rasmus og Dagny seg i Eid kyrkje. Brudesløret til Dagny og restane etter blomekransen som heldt det på plass ligg framleis trygt bevart i ei gammal skoøskje, no nesten 100 år etter.
Slik såg det ut på Sundehjørnet tidleg på sekstitalet før dei store almane vart tatt ned for å gi plass til eit nybygg ved sidan av gamlehuset. Det var eit omfattande arbeid å ta ned dei store trea, ikkje minst var røtene stride å fjerne.
Postkort frå Eidsgata: Den unge handelsbetjenten Rasmus Sunde står framfor utsalet til Eid Handelsforening. Her starta han si yrkesaktive karriere som 19-åring i 1910, og tileigna seg nyttige erfaringar for seinare å starte si eiga forretning.
Frå ei tid då det var fortauskant i Eidsgata, til og med så høg at minstemann Ove må dingle med beina. F.v. Andreas, Karl og Ove.