Vonheim er tett på når det gjeld finansiering og kjenner godt til bustadmarknaden på Nordfjordeid Han fortel at ein god del av husa som vert selde, går kjapt unna via sosiale medium og jungeltelegrafen. Interessa for brukte hus er stor, og informasjonen om at eit hus er til sals spreier seg raskt.

– Trenden er at fleire og fleire av dei som sel husa sine ordnar det sjølv ved hjelp av Facebook eller andre sosiale medium og får advokat til å ta seg av papirarbeidet med sjølve eigedomsoverdraginga. Eg veit om fire tilfelle den siste tida der husa ikkje har vore innom finn.no eller lokalpressa, fortel Vonheim. Folk legg sjølv ut bilde og eventuell takst og ber vennene om å dele.

Sentrumsnært

Dei fleste ønskjer sentrumsnære bustader, så nær som muleg, helst med gangavstand. Vonheim har inntrykk av at folk i mindre grad enn før er opptekne av utsikt, kanskje fordi ein er litt bortskjemd med slikt. Det er også slik at det skjer meir i sentrum, og for mange veg nærleiken til tilboda tyngst.

Dei som byggjer på stadar som Hjelle, Stårheim og Kjølsdalen er i hovudsak folk som har tilknyting til desse bygdene.

Heit brukthusmarknad

Det ein ser er at det tek noko lenger tid enn før å få selt nye leilegheiter på Nordfjordeid, men brukthusmarknaden er framleis heit. Mange trudde det ville gå nedover og at bustadprisane flata ut. Men det motsette har skjedd i Eid.

Ein god del av dei brukte bustadene i Nordfjordeid sentrum blir selde over takst. Vonheim fortel at spesielt dei rimelegaste til 2–3 millionar kroner er det mange potensielle kjøparar til, og prisen kan bli pressa oppover. Dyre bustader med pris på 4,5 millionar kroner og oppover kan gjerne gå litt under takst. Slike hus er det færre som har råd til å kjøpe.

Ulike kundegrupper

Når det gjeld leilegheiter, så er det mange ulike kundegrupper som er ute etter slike bueiningar. Du har både dei som skal etablere seg for første gong, du har dei som skil lag og som er ute etter noko mindre og rimelegare og du har dei eldre som sel husa sine for å få seg noko meir lettvint og sentralt for å møte alderdommen. Dette inneber også at det er mange brukte einebustader som kjem for sal.

Dyrt med nybygg

Skal du bygge deg eit nytt hus på Nordfjordeid, så må du rekne med å bruke pluss/minus seks millionar kroner for ein moderat stor bustad, litt avhengig av tomtepris. Til dømes må du gjerne opp i 1,5 millionar kroner i tomt pluss opparbeiding før du kan byrje med sjølve byggjearbeidet i Hogaåsen.

– Kjøper du brukt, kan du få eit bra hus ein god del rimelegare. Brukte leilegheiter er det også bra etterspørsel etter. Det som det i dag tek lengst tid å selje på Nordfjordeid er nye leilegheiter. Det tek lengre tid å selje ei ny leilegheit no enn for eitt år sidan. Det er i dag ein god del leilegheiter som ligg ute for sal og det kjem ein del fleire. Det blir spennande å sjå om marknaden blitt metta, seier Vonheim.

Billigare å eige

Generelt sett er det billigare å eige enn å leige, men dersom ein veit at ein skal bu på ein stad berre ein kort periode, er det fornuftig å leige, sidan ein då slepp diverse kostnader i samband med eigarskifte.

Får meir for pengane

Når det gjeld sentrum og periferi, så er situasjonen slik at du får meir bustad for pengane dess lengre ut frå sentrum du dreg.

Men byggjer du nytt hus på stadar som Navelsaker eller Torheim, bør du ha tenkt å bu der lenge, for sjølv om tomteprisen kan vere låg, er ulempa at byggeprisen blir høgare enn marknadsverdien. Den dagen du set nøkkelen i døra, søkk verdien samanlikna med det du har brukt på å bygge huset.

Det er veldig få kjøparar som leiter etter eit bustadhus så langt frå sentrum, men er det på eit småbruk, blir det ein heilt annan marknad.

Arild Vonheim fortel at mange kjøparar er på jakt etter landbrukseigedom, gjerne eit nedlagt gardsbruk. Det er typisk folk som bur i store byar som Oslo eller Bergen som drøymer om å få seg eit lite gardsbruk der dei kan ha ein hest eller to. Slike eigedommar blir sjeldan lagde ut for sal, og dei som blir lagt ut, blir stort sett selde over takst.

– Når det gjeld fritidsbustad, så er det desidert mest hotte å ha strandlinje. Har ein slik eigedom med strandlinje, så sit ein på ei gullgruve, ifølgje bankmannen Arild Vonheim.

Du må rekne med sånn rundt rekna seks millionar kroner for eit nytt hus i dag. Her er god utsikt frå Hogaåsen. Foto: Anna Wuttudal