Dette vart klart i dag, då dommen etter den tre veker lange rettsaka kom. Her blir hotelldirektøren dømt til fem år og seks månader fengsel for å ha starta brannen på Selje Hotel. Han må også betale 2,2 millionar kroner i erstatning til forsikringsselskapet.

Styreleiaren er frifunnen for brannstifting, men dømt til eitt års fengsel for medverknad til økonomisk utruskap. Kjøkkensjefen blir frifunnen både for økonomisk utruskap og brannstifting.

I rettssaka vart det frå aktoratet bede om seks års fengsel for alle dei tre tiltalte brørne.