Tilja er ein av mange som stadig finn vegen til gjenbruksbutikken på Nordfjordeid.

– Her er så mange fine brukte ting. Tidlegare har eg funne leike, pynteting, gåve til mamma og bestemor, og bilde til veggen heime. Eg likar at vi ikkje berre kastar ting, men at vi brukar igjen tinga, seier tiåringen.

Retro og teakmøblar

– Gjenbruk er trend i tida. Folk har ganske bra økonomi, og skiftar ut heime. I staden for å hive kjem dei hit med gamle skattar. Kanskje andre finn det interessant – og det vert eit rimelegare alternativ enn andre butikkar. Vi ser ein del unge som kjem innom. Mange er bevisste på gjenbruk, og jaktar spesielt etter retroting. Teakmøblar har vi ikkje ståande lenge. Dei går fort ut igjen, fortel dagleg leiar Jorunn Sollid frå Stryn.

Ho konstaterer at det også går mykje dekketøy i alle slags former.

– Det kan vere at ein her finn den delen av eit service ein har jakta på. Det er ikkje ofte vi får inn heile sett, smiler Sollid.

Fulle lokale

Kvar dag kjem nokon innom med meir brukte varer – kanskje ei kasse eller to, eller ein lenestol. Dødsbu finn også ofte vegen til gjenbruksbutikken.

– Eldre har gjerne samla gjennom eit langt liv, og ungane har rikeleg med ting. Då vert det mengder som vert levert inn her. Vi får også inn mykje etter at folk har rydda i skuffer og skap heime. Det som er heilt, reint og salbart tar vi imot, fortel Sollid. Ho har med seg rundt 30 frivillige frå heile Nordfjord, men ønskjer seg endå fleire. Det er alltid eit puslespel å sette opp turnus. Alle har sine faste oppgåver; som å hente inn varer, vaske varer, stryke, prissette eller stille ut.

Dugnad

– Alt blir gjort på dugnad. I fjor hadde butikken rundt 700.000 kroner i omsetning. Det kan vere vi går litt høgare i år, seier ho.

Butikken er i regi av Det Norske Misjonsselskap, og misjon, miljø og møteplass står sentralt. Rundt om i Norge har dei 50 butikkar som 2.000 frivillige tar seg av.

– For utan unge og hybelbuarar er det mange av våre nye landsmenn som tek turen innom oss, fordi ein finn rimelegare varer her. Også vaksne folk og familiar nyttar oss. Det er utruleg mykje som går ut av butikken, konstaterer ho.

– Det er ein fin og billeg butikk. Av og til finn vi mange ting, seier Maregu Gebeyhu frå Sandane.

Fullt

Butikken bognar over av alt frå himmel til jord, og også lageret er overfylt.

– Spesielt møblar tar plass. Vi prøver å sirkulere litt på varene, og køyrer også halv pris på ulike varegrupper for å få unna litt meir, fortel ho.

– Det er utruleg mykje fine ting vi får inn, konstaterer ho.

Ei eiga prisgruppe vurderer prissettinga på varene i butikken, noko Sollid innrømmer er eit utfordring. – Det er ikkje alltid lett, men vi har også fått god hjelp frå kundar som for eksempel har greie på glas. Vi lærer med andre ord mykje frå kundane våre, seier Sollid.

Glas i alle fasongar finn ein mykje av hos NMS Gjenbruk Nordfjord.
NMS Gjenbruk har fått eigen bil på Nordfjordeid, og Terje Heggen er ofte ute og hentar inn varer frå nordfjordingar som vil kvitte seg med noko.
El-orgel var populært på 80- og 90-talet. Gjenbruksbutikken har som oftast eitt orgel inne til ei kvar tid.
– Vi er glade for å få inn gode ting, seier dagleg leiar Jorunn Sollid.
Else Marie og Kjell Otto Solheim på Sandane dukkar opp med ein sofa dei vil gi til gjenbruken, og Jorunn Sollid tar gladeleg imot.
Annlaug Hole Nygård er med i misjonsforeininga heime i Hornindal, og har vore med i dugnadsgjengen for gjenbruksbutikken frå starten av.