Dette er Thorbjørn Myklebust (26) og Kari Sefland Bjørlo (29). Myklebust blir kjøpmann for Rema 1000-butikken i Amfi Sogningen, medan Bjørlo blir kjøpmann for butikken i Ørsta.

Og det er fleire med bakgrunn frå Rema 1000 på Nordfjordeid som snart tar over som kjøpmenn for nye butikkar. I Ørsta er det Bjørn-Kristian Risøy som per i dag er kjøpmann. Han skal ta over Rema-butikken på Giske utanfor Ålesund. I tillegg skal bror til Kari Sefland Bjørlo, Geir Ove Myrvoll Bjørlo, i mars neste år ta over som kjøpmann for Rema 1000 Flisnes i Ålesund, etter å ha vore nestsjef på Rema-butikken på Moa i mange år.

Ein annan eidar, som har bakgrunn frå Coop Mega på Nordfjordeid, Frode Taklo, tok over som kjøpmann for Rema 1000 Volda for eit par år sidan.

– Utruleg kjekt

Einar Hildenes set stor pris på at mange av dei som har erfaringa si frå hans Rema-butikk på Nordfjordeid, tar steget vidare til å bli sjefar for sine eigne butikkar.

– Det er utruleg kjekt. Folk kan sjå at det er muleg å byrje som tilsett på Nordfjordeid og gå vidare til å ta over sin eigen butikk, seier Hildenes.

Talentskule

Dei som tar over som kjøpmenn for eigne butikkar etter å ha starta karrieren i Rema-systemet på Nordfjordeid, har alle gått Rema sitt eige talentprogram. Dette er ein kjøpmannsskule som varar i eitt skuleår, og strekk seg over ti samlingar.

Thorbjørn Myklebust starta på Rema på Nordfjordeid som 16-åring, og berre avbrote av studiar i Ålesund har han vore der sidan.

– Eg tar over i Sogndal frå 1. januar 2018, men eg reiser nedover for å byrje å jobbe der 1. desember. Eg veit det blir masse jobbing, men det er eg førebudd på. Eg har jo gått i lære hos ein av dei beste kjøpmennene i landet, seier Myklebust.

Kari Sefland Bjørlo byrja på Rema på Nordfjordeid i 2010, og har også fleire år bak seg som nestsjef på Elverum. Hoflyttar snart med sambuaren til Ørsta, der dei har kjøpt seg hus.

– Einar har vore ein super mentor. Eg føler meg heldig som har fått jobbe i ein så veldriven butikk, med så godt arbeidsmiljø, seier Kari Sefland Bjørlo.