Bestillingsverket Sildagapet vekte verkeleg interessa blant publikum. Søndag var det siste framsyning av årets hovudoppsetting til Opera Nordfjord. Om lag 3.900 billettar var lagt ut til sal for dei åtte framsyningane. Over 3.700 billettar vart selde.

– Det har vore omtrent fullt hus på kvar førestilling. I dag måtte vi setje ut ekstra stolar, slik at alle som ønskte det fekk plass, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Ho er svært glad for oppslutnaden frå publikum.

– Det har vore mange tilreisande, både frå kysten og heile regionen. Folk har vore veldig nøgde, og det har vore mykje følelsar, både glede og tårer, fortel Pavelich.

Vidare satsing

Årets publikumssuksess vil også vise igjen når rekneskapen skal gjerast opp.

– Vi kjem til å ta igjen ein del av underskotet frå fjoråret. Det er sjølvsagt viktig, men det viktigaste er at førestillinga gjekk rett heim hos publikum. Det gjev ein fantastisk følelse, seier operasjefen.

På førehand var det usikkert korleis eit slikt bestillingsverk, ein fullstendig ny opera både i tekst og musikk, ville slå an blant publikum.

– Dette viser at vi kan satse på risikoprosjekt. Vi har jo hatt stor suksess med det tidlegare også, då vi sette opp fotballoperaen, seier Kari Standal Pavelich.

Samlar Nordfjord

Operasjefen er ekstra glad for at det kom så mange tilreisande for å oppleve Sildagapet, spesielt frå kysten.

– Eg fekk ei melding av Helge Sunde (komponisten) etter framsyninga i dag, der han skreiv at han heretter skal seie at han kjem frå Nordfjord og ikkje frå Stryn. Det illustrerer ein følelse eg trur mange sit igjen med om at Sildagapet verka samlande. I desse tider med kommunereform og andre ting som kan verke splittande, er det flott at vi kan gjere noko som samlar folk, seier Pavelich.

Grått men positivt

Temaet for årets hovudframsyning viste også igjen blant publikum, på den måten at mange som opplevde sildeeventyret kjøpte billett.

– I år var det ei overvekt av folk på 65 pluss. Mange av dei har kanskje aldri vore på opera før, og vi håpar sjølvsagt at dei fekk meirsmak etter å ha opplevd Sildagapet, seier Kari Standal Pavelich.

Gratulasjonar frå ordføraren

Eid-ordførar Alfred Bjørlo sender sine gratulasjonar til Opera Nordfjord, etter suksessen med Sildagapet. – «Sildagapet - ei historie om havets sølv» har vore både ein kunstnerisk suksess og ein publikums-vinnar. Historia om Inga frå Byrkjelo som reiser med far sin til Måløy for å selje sildekasser under det eventyrlege sildefisket på 1950-talet har rørt hjarta til 4.000 frå fjern og nær som har sett forestillinga, skriv Bjørlo på si opne facebook-side.

Jubilerer med La Bohème

Neste haust er det La Bohème som blir hovudoppsettinga til Opera Nordfjord.

Neste år feirer Opera Nordfjord sin 20. sesong med opera- og operetteproduksjonar. Då står eitt av dei mest kjende operaverka på programmet, La Bohème av Giacomo Puccini. Dette var også hovudproduksjonen til Opera Nordfjord i år 2000. Puccinis La Bohème er i i fire akter, og vart komponert i 1896. Handlinga utspelar seg i kunstnarkretsar i Paris omkring år 1830.

Allereie i løpet av første akt får publikum oppleve tre av dei største nummera i operalitteraturen: «Che gelida manina» (Rodolfo), «Si mi chiamano Mimi» (Mimi) og «O soave fanciulla» (Rodolfo og Mimi).

Med åtte nesten fulle hus vart Sildagapet ein stor suksess for Opera Nordfjord. Her tar aktørane imot hyllesten frå publikum etter siste framsyning søndag. Foto: Anna Wuttudal