Denne ferjefrekvensen må naturlegvis sjåast i samanheng med ferja Lote-Anda og framtidige bruprosjekt.

Men i eit nytt anbod som gjeld frå 2020 ligg ferja Folkestad-Volda inne med 40-minuttsavgangar. I dag går sambandet kvar halvtime på dagtid.

Vi registrerer at det er mange som er avhengige av ferja som reagerer sterkt på den nye kontrakten som inneber at ferje vil gå sjeldnare.

Dette vil mellom anna føre til at innbyggjarane på Bjørkedalen, Folkestad og Dalsfjorden vert meir isolerte frå kommunesenteret sitt Volda.

Men forslaget gir også større konsekvensar enn den lokale ferjetrafikken.

Riksvegsamband må som minimum ha 30-minutts frekvens. At ferjetilbodet ikkje vert dårlegare enn i dag er viktig, og kan påverke målet om ein framtidig vekst i regionen.

Sambandet Folkestad-Volda er svært viktig også for folk i Eid, ikkje minst for å knyte kommunen tettare saman med Volda-Ørsta.

Vi minner om at ferjesambandet Lote-Anda får auka frekvens med 20-minutts avgangar frå nyttår. Ein reknar med dette vil gi auka trafikk. Det vert også lagt opp til 20-minutts avgangar på Festøy-Solevåg.

Kortaste vegen frå Eid til Volda er framleis via ferjesambandet Folkestad-Volda, og skal ein reise på aksen sør-nord er det naturleg å bruke dette sambandet - Kvivsvegen vert ein omveg. Plasseringa på kartet kan ein ikkje gjere noko med – det kan ein derimot med betre flyt av ferjefrekvensane i regionen. Den må ein sjå under eitt, og ikkje berre eitt og eitt samband åleine.