Ho er i full gang med å skrive bok om Sunde-familien – med fokus på dei første femti åra.

– Eg har saumfare gamle Fjordabladet, men er på langt nær ferdig. Det er forferdeleg mykje interessant, og ettersom eg har besteforeldre på begge sidene som er født og oppvaksen her så finne eg spor av dei i 100 år gamle aviser, fortel Reidun. Ho er generelt interessert i familie – og lokalhistorie.

– Det eg finn legg eg saman med det eg har funne i pappa Ove sine gamle papir og bilde. Eg har fått god hjelp av pappa og onkel Finn, og når eg sit og grev oppdagar eg stadig nye ting, seier Sunde.

I utgangspunktet har ho tenkt bok til familie og kjenningar, men det kjem til å bli nokre eksemplar som interesserte kan kjøpe.

– Men det er familien Sunde si historie det handlar om, sjølv om eg dreg inn ein god del andre namn og historier. Det blir ei rein lokalhistorisk bok. For eksempel har eg med bilde der andre kjøpmenn frå Eid er med, fortel ho.