I 1917 starta besteforeldra til dagens eigarar ei kle og skoforretning i leigde lokale i Eidsgata på Nordfjordeid. Etter kvart vaks familien og vareutvalet. I dag har etterkomarane fem butikkar; Eurosko, Fargerike Sunde, Sunde Møblar, Lagerutsalget på Nordfjordeid og Lagerutsalget i Måløy.

Sunde-familien har alltid feira 2. november som opningsdato for firmaet R. Sunde.

To tomme hender

– Det var stort å vere kjøpmann den tida, slik som bestefar. Dei starta med to tomte hender, seier Inger-Dorthe Sunde, som i mange år dreiv Cubus på Eid.

– No viser det seg at dette var stiftingsdatoen, medan 26. november var opningsdatoen, seier Reidun Sunde, som sjølv driv Lagerutsalget på Eid.

Med turkise t-skjorter, vimplar, handleposar, ballongar og raude løparar vise dei at det er feiring i alle Sunde-butikkane.

– Markeringa har vi heilt til 3. november. 100-årsjubileet feirar vi med spesialtilbod i butikkane, bildeutstilling i butikken til Margrete, og med familien skal vi ha jubileumsfest, fortel dei.

Konkurranse

– I samband med jubileet køyrer vi på med ny konkurranse i alle Sunde-butikkane. Då bestefar starta var det i leigde lokale. I 1924 fekk han bygd huset her, og vi har detaljerte lister over alt kva det kosta. Konkurransen er dermed; kor mange kroner kosta tomta og oppsetting av bygget totalt? Du kan svare ein gong i kvar av butikkane, og vinne gåvekort, fortel barnebarna.

– Lagerutsalget i Måløy markerer jubileet like mykje som Sunde-butikkane på Eid. I tillegg er det no akkurat 30 år sidan eg starta opp i Måløy. Dette har vore livet mitt, og pappa Ove har vore ubetaleleg i å gi råd til forretningsdrift, seier Lisbet Sunde Eltvik.

Stolte over familiehistoria

– Vi er stolte over det besteforeldre og fedrane våre la grunnlaget for. Dei har stått på for å drive butikkar, men det vart ikkje akkurat lange familieferiar av det, minnast dei.

Også bestemor Dagny var kjend som ei driftig dame.

– Vi har funne igjen ein del gamle papir, avisutklipp og notatbøker, der vi finn mange detaljar omkring kva det kosta å leige dåpskjole av bestemor. Desse ønskjer eg i første omgang å stille ut i butikken min, og har eit ønskje på sikt å starte opp med utleige av dei same dåpskjolane som til no har ligge sirleg lagra i skoøskje, fortel Reidun Sunde.