Eid Frivilligsentral er i dag ei stifting, men er i stor grad finansiert av kommunale midlar. Styret gjorde i juni eit vedtak der dei tilrår at Frivilligsentralen blir ei kommunal avdeling, lagt til kultur. Rådmann Åslaug Krogsæter er open for å gå i dialog med Frivilligsentralen for å finne ei løysing.

– Eg trur det blir ein god måte å organisere det på, sa rådmannen til kommunestyret då ho orienterte om prosessen som er i gang.