– Det har vore ein fantastisk sesong på Skåla og Skålabu. Vi er utruleg glade for at så mange har tatt turen opp og fått seg fine naturopplevingar, seier dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven til NRK.

Så langt i 2017 har nær 2.000 personar overnatta på den nybygde turisthytta i Stryn kommune. Det er meir enn ei dobling frå talet på folk som overnatta på Skåla i fjor. I tillegg kjem alle dei som er på dagsbesøk. Ødven er svært godt nøgd med mottakinga som den nye hytta har fått etter at den opna for allmenn bruk i oktober i fjor.

– Det var allereie tidleg på året mange som gjekk opp til hytta på ski og fekk fantastiske opplevingar på ei heilt ny turisthytte som ligg over 1.800 meter over havet, seier Ødven. Ho trur at betre komfort lokkar mange.

– Det er noko heilt anna å overnatte i Skålabu enn i det gamle Skålatårnet, seier Ødven.

Og for å få betre orden på kven som skal få liggje i ei seng og kven som må ta til takke med å liggje på ei madrass, vil dei no starte med hyttebooking på nett slik at folk kan bestille overnatting på Skåla før dei kjem fram til Skålabu.