Konsekvensjustert budsjett for 2018 viser at Eid kommune manglar 19.354 millionar kroner for å få neste års budsjett i null, og det ser heller ikkje lysare ut framover i tid.

Eid er ein av dei kommunane i landet med høgast lånegjeld målt i prosent av kommunen si brutto inntekt. I økonomiplanperioden seier marknaden at renta skal noko opp på sikt. Nytt omsorgssenter, ny gymsal/fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule, Hågaåsen bustadfelt, utfylling og park ved Nordøyrane er med og gir høg lånegjeld og dermed auka renteutgifter og avdrag. Nye og større kommunale bygg og parkområde krev meir straum, reinhald, vedlikehald og anna oppfølging.

Utgifter knytt til helseteneste retta mot enkeltbrukarar er sterkt veksande for heile landet, også for Eid kommune. Spesielt ser ein dette no frå 2017 til 2018 innanfor psykiatri og barnevern. Desse to tenesteområda står for halvparten av veksten i kommunen sine samla utgifter til tenesteyting frå 2017 til 2018.

Staten si innstramming i mottak av flyktningar gjer at kommunane ikkje lenger får det tal flyktningar som ein har vedteke å ta imot, og som ein har rigga organisasjonen for å handtere.

Eid kommune får truleg ein kraftig nedgang i flyktningtilskotet, utan at ein samtidig greier å redusere utgiftene tilsvarande. Ein mister her stordriftsfordelen.

Sjølv om Eid kommune får ein god vekst i dei frie inntektene frå 2017 til 2018, så står kommunen overfor store utfordringar med å balansere budsjettet i den fireårige økonomiplanen.

Finansutval og formannskapet har årsbudsjett 2018 og Økonomiplan 2018–2021 på sakskartet komande torsdag.