– Vi ønskjer tidslinja på dei ulike eigedomane, kven som har budd der, kven ein er gift eller sambuar med, og kven barna er, fortel Trygve Espe og Per Oos i sogelaget.

Arbeidet er i full gang med den nye bygdeboka.

– Vi leverte inn 14 kassar med brev til posten, som no er sendt ut til alle husstandar, men ei kasse er på avvege. Det vil seie at 200 husstandar ikkje har fått brev i postkassa heime, så vi må no lage til nye brev til desse og få sendt ut, seier Espe.

Spørsmål

Dei har allereie fått nokre spørsmål frå folk som er usikre på korleis ein skal fylle ut skjemaet som er sendt ut.

– Lurer de på noko så er det berre å ta kontakt med oss, så skal vi rettleie. Tilsvarande skjema er brukt andre stadar, men det er vanskeleg å presse alle inn i eit skjema. Samfunnet endrar seg heile tida, seier dei.

Ønsket har vore å få ei ny bygdebok for Eid, og då sogelaget starta opp førebuingane var det unisont at ein ville ha papirskjema.

– No har vi fått det, men vi ser at det ikkje er ei optimal løysing. Det kjem ei digital løysing i løpet av hausten. Det ideelle hadde vore at både papir og digitale versjonen kom ut samtidig. Somme beherskar det digitale, men mange vil ha papirskjema. Dei som vil levere inn digitalt seinare kan bruke papirskjemaet de no har fått til å kladde, meiner dei.

Folk på flyttefot

– Vi er klar over at skjemaet passar best for eit ektepar som har budd i Myklebuståsen alltid. Derimot er det problematisk at folk stadig er på flyttefot, men det er ein del av vår tid. Nokre har flytta tre-fire gongar, og har hatt fleire eigedomar i Eid. Fyll ut skjema likevel, og kom med det til oss. Nokon har bruk for eit skjema, andre må fylle ut fleire ark, fortel dei. Dei konstaterer at det også er tusen variantar av familiekonstellasjonar.

– Mange har spørsmål om skilsmisser. Når nokon skil seg utløyser det ofte endring i eigedomstilhøve, der den eine parten sit att som eineeigar. Det bør kome fram på skjemaet. Vi er interessert i å gå frå eigedom til eigedom, og den som har budd der. Vi vil ha ei tidslinje for kvar eigedom, fastslår dei.

Oos er for tida i full gang med i samle informasjon om eigedomane i Myklebuståsen.

– Det er eit kolossalt puslespel. Der har det budd mange, og vore mange flyttingar, konstaterer han.

Frå gard til gard

– Dette er ei bok som går frå gard til gard, frå tomt til tomt, og eigedom til eigedom. Vi har 2.461 husstandar i Eid, så det er mykje skjema som skal fyllast ut. Vi vil vite kven som bur der i dag, og kven som har budd der. Kven du kjøpte av og kven ein selde til. Dei som har langvarige leigeforhold bør absolutt fylle ut skjema, og skrive på kven dei leiger av. Fleire får besteforeldre/foreldre til å flytte etter til Eid, desse må sjølvsagt også vere med, påpeikar dei.

Dugnadsgjengen i sogelaget har lyst å kome fort i gang med registreringa.

– Derfor er vi raskt ute med papirskjemaet. Til før vi kan sette i gang prosessen, til betre er det. Vi veit at mange er i gang med å fylle ut, Gjer så godt du kan; ta med deg sjølv, ektefellen din, sambuaren, ungane dine og foreldra dine. Kvar de bur, fortel dei.

Det er eit omfattande arbeid sogelaget har sett i gang.

– Vi er optimistar, så vi satsar på at første bindet er på marknaden om fem år. Då er vi avheng av god hjelp undervegs, seier dei.