Til liks med andre utkantbygder slit Honningsvåg med forgubbing og fråflytting. Bygda vil bli den som har lengst vegen, 93 kilometer, til Nordfjordeid og kommunesenteret i framtidas Stad Kommune.

På ein godvêrsdag kan det knapt tenkjast ein meir idyllisk plass, men når stormane rasar er det alt anna enn triveleg med vestavêret rett inn på vågen. Dei måtte vente heilt til 1976 før moloen kom, men det var nok for seint, fråflyttinga hadde alt starta.

Det er fiske og jordbruk som gjennom tidene har vore grunnlaget for busetnaden i Honningsvåg. Men med strukturendringar i fisket og større krav om utdanning og faste inntekter, er Honningsvåg blitt ei mindre attraktiv bygd å busetje seg i.

Har opplevd store endringar

Alvin Honningsvåg (79) minnest godt Honningsvåg si stordomstid. På 50-talet meiner han at det budde 130–140 menneske i bygda. Bygda hadde eigen skule, post og telegraf og der var bakeri og to butikkar. I den store sildetida var der sildekontor og to fiskemottak har vore i drift. Lakseslakteri har bygda og hatt. Alt dette er borte. Bygda hadde og anløp av båtruta Bergen–Ålesund.

Medan det før i tida var 12–15 gardsbruk i drift kombinert med fiske, er det no berre ein aktiv bonde att. Fiskarbonden er for lengst historie.

Alvin Honningsvåg har sjølv flytta frå Honningsvåg og busett seg i kommunesenteret Selje. Han dreiv i si tid fiskeri med eigen båt, MS Teigesund, og var i mange år fiskeriinspektør i Norges Sildesalgslag.

Dramatisk folketalsnedgang

Han fortel at det alt på 80-talet var nedgang i folketalet. Frå 120 innbyggjarar då, er ein no nede på om lag 30. Det er ikkje fødde born i bygda dei siste 15 åra, og no til våren når dei to tiandeklassingane er ferdige med ungdomsskulen, legg dei ned skuleruta. Bygda vert då utan offentleg kommunikasjonar.

«Kontrasten vert enorm til forholda i tidlegare tider, då familiane bestod av barneflokkar på opp til 15 barn», filosoferer Alvin Drage. Han håpar at den nye Kleivetunellen på 570 meter gjennom den rasfarlege Kleiva, skal bety ei kraftig vitamininnsprøyting for Honningsvåg, men fryktar at den kjem for seint. Tunnelen skal vere ferdig i løpet av hausten 2018.

Honningsvåg fekk for øvrig vegutløysing rundt 1930.

På jobb i Texas og Korea

Eldste sonen til Alvin Honningsvåg, Arnt Ove (59), har eit variert yrkesliv bak seg. Etter i fleire år å ha jobba med tunneldriving, blei det «Olja» for han. Deretter tre år på det store Samsungverftet i Sør-Korea. Ein periode jobba han i Texas før han var tilbake til «Olja», der han framleis er.

Saman med kona, Janne Sande, bur han ennå i Honningsvåg. Men han er ikkje framand for tanken på å flytte til meir sentrale strok av landet og nærare borna. Det slit på med tungvinte arbeidsreiser, seier han.

Dessutan saknar han tilboda på større plassar som kaféar, restaurantar, butikkar og kino.

«Då blir endå eit hus i Honningsvåg feriehus», legg han til lakonisk.

Fire sysken i «Olja»

Dei fire barna til Alvin Honningsvåg, arbeider alle i «Olja», men berre Arnt Ove bur på fødeplassen. Kurt (57) og familien bur i Ervik. Han vaks opp og gjekk på skulen i Honningsvåg. Det var ein kjekk plass å vekse opp på då. Eit fritt og aktivt liv i ei levande bygd, fortel han.

Alle tre karane på kaia er svært komfortable med å bli med i nyekomnunen, Stad, Dei handlar heller på Eid enn i Måløy, og mange stadsarar gå på skule på Eid.

Utdanning betyr flytting

Tredjegenerasjonen i familien ser heller ikkje føre seg ei framtid i Honningsvåg. Lasse-Marius (27) har utdanna seg til lækjar, og vil i framtida bu i ein universitetsby. I løpet av 2018 reknar han med å få doktorgraden i medisin.

Barndommen i Honningsvåg var veldig bra, fortel han; trygt, mange leikekameratar og eit aktivt uteliv frå fjære til fjell. I tenåra var det ikkje lenger så kult, mimrar han. Det er knappe to mil til Leikanger med fleire fritidstilbod, og det blei mykje køyring dit for foreldra.

Han vedgår at han nok aldri for alvor har tenkt på å bu i Honningsvåg. Til det er det for langt til alt og for mykje pendling. Men heim til jul og i sommarferien må han.

Å bu på ein plass med gode jobbmuligheiter og lite pendling er topp-prioritet for Lasse-Marius Honningsvåg.

Lengst ut mot havet har geitene rikeleg tumleplass. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Vindstilt på vågen i strålande haustsol. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Årvik ligg midt mellom Refsnes og Honningsvåg. Etter år med nedgang i folketalet, er det no på veg oppover. Unge familiar flyttar dit. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Siste huset mot vest. I dag feriebustad. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Vegstykket forbi Kleiva er svært rasutsett. Ny tunnel vil stå ferdig om eitt års tid. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Lasse-Marius vaks opp i bygda, men kjem nok til å slå seg ned i ein universitetsby. Foto: Privat