Eid kommune vil få problem med å balansere budsjettet for 2018, og rådmann Åslaug Krogsæter har bede om at kvar enkelt avdeling må synleggjere ei innsparing på 5 % av avdelinga si netto konsekvensjusterte ramme for 2018, fordelt på maksimalt fem tiltak.

På Eid Ungdomsskule har rektor Norunn Kjøsnes og plasstillitsvald Line Balsnes drøfta ulike innsparingstiltak med utgangspunkt i det konsekvensjusterte budsjettet for EUS for 2018. I si tilbakemelding til rådmannen peikar dei på at dersom dei skal klare å spare inn 1.176.400 kroner, så vil det medføre kutt i stillingar.

Eitt årsverk pluss sosiale kostnader vert for tilsette ved EUS rekna å koste om lag 750.000 kroner. Dette inneber at skulen må kutte 1,5 lærarstilling om dei blir pålagt ei slik innsparing. Eit slikt kutt vil ifølgje rektor og tillitsvald innebere reduksjon i tal delingstimar og gjere det vanskeleg å innfri kravet om at alle elevar skal ha rett til tilpassa undervisning. Ved reduksjon i delingstimar, står ein i fare for at det vert sett fram krav om auka ressurs til spesialundervisning med heimel i Opplæringslova.

Fleire elevar

Rektor og tillitsvald ser det verken som realistisk eller gjennomførbart å kutte tal stillingar ved EUS. Dei viser til at det komande år vil bli ein liten auke i talet på elevar på 8. trinn i høve avgangselevar, og ser at det heller er trong for å auke opp med fleire stillingar ved skulen.

Ekskursjonar og valfag

Rektor og tillitsvald har også sett på andre postar der det er mogeleg å kutte. Ved å kutte i midlar til ekskursjonar, vil ein kunne spare inn om lag 200.000 kroner, men dette samsvarar dårleg med føringar om å legge vekt på varierte og praktisk retta læringsaktivitetar for å skape motivasjon og meistring.

– Ein vil også kunne spare litt ved å redusere valfagtilbodet og legge opp til undervisning i større elevgrupper med fleire elevar per lærar, men dette vil vere svært uheldig for skulemiljøet, sidan organisering av valfagtilbodet har stor innverknad på trivsel og det å skape eit trygt og godt læringsmiljø, påpeikar Kjøsnes og Balsnes.

Treng ventilasjonsanlegg

Det er trong for nytt ventilasjonsanlegg eller auka dimensjonering på dagens ventilasjonsanlegg både i klasserom, datarom og bibliotek på EUS.

Rektor ved EUS, Norunn Kjøsnes har kome med ei rekkje innspel til økonomiplanen for Eid kommune 2018 – 2021, der betra ventilasjonsanlegg er eitt av tiltaka som ho meiner bør inn i planen.

Rektoren melder også om behov for oppgradering av toalettforholda for elevane både i A-fløya og C-fløya. I C-fløya er det få toalett og for dårleg skjerming, dørene går rett ut i gangen der elevane oppheld seg. Her er også garderoben for liten Det er ikkje plass til alle jakker og sko.

Tilrettelegging av uteområdet

Ved EUS er det også trong for diverse brannsikringstiltak og vedlikehald, som skifting av dører og låsesystem, og gardinene er slitne og mange er falma.

Rektoren ber også om at vikarpotten for sjukefråvær kjem inn att på budsjettet, at det vert sett av midlar til nye læreverk frå 2020 samt midlar til tilrettelegging av uteområdet for fysisk aktivitet i friminutt og undervisingssamanheng.

Manglar callingsystem

Ved Eid ungdomsskule er det behov for fornying av dataparken, og det er trong for ny telefonsentral og internt callinganlegg.

Skulen er pålagt og har utarbeidd plan for hurtig evakuering ved eventuelle ytre trugsmål retta mot skulen.

Rektor Norunn Kjøsnes har meldt inn til kommuneleiinga at det trengst eit internt callingsystem for å varsle elevar og tilsette om fare som truar. Skulen har i dag ikkje noko anna varslingsanlegg enn ringeklokke og brannalarm. Dette anlegget kan ikkje nyttast i ein slik situasjon, sidan det etter innarbeidde evakueringsrutinar vil kunne sende elevar og tilsette rett ut i faresona.

– Stemmer dårleg overeins

Alle avdelingar i Eid kommune har i samband med budsjettet for 2018 fått beskjed om å skissere innsparingstiltak på 5 % av det totale budsjettet.

Rektor på Hjelle skule, Peder Felde signaliserte i møte med FAU at det er stillingar som er mest nærliggjande å kutte.

Av referatet frå FAU går det fram at skulen har fått midlar frå regjeringa til å kunne opprette 15 % stilling for å styrke begynnaropplæringa på barnetrinnet (1-4). Dette stemmer dårleg overeins med at ein no kanskje må kutte i stillingar, noko som høgst truleg vil gå utover tilbodet til dei yngste.

Hjelle skule har i år same elevtal som i fjor.