Odd-Harald Heggen tok både 1.-plassen med kvit sløyfe og 3.-plassen med blå sløyfe i år. Han har hatt god hjelp med stell og tilsyn av døtrene Ingrid og Andrine, som har hatt sau som årets 4H-oppgåve i Heggrosa 4H. Einar Helge Haugstad fekk raud sløyfe for 2.-plassen for eitt av sine vêrlam.

For vere med på vêrkåringa, må lammet i utgangspunktet ha ein avlsindeks på minimum 115 poeng. Indeksen er eit tal som seier noko om dyret sine genar og eigenskapar mellom anna når det gjeld ullkvalitet og mengde, slaktevekt og klasse, kjøtfylde og feittmengde, morseigenskapar, lammetal og fødselsvekt.

Under kåringa gjev dommarane poeng med hovudvekt på beinbygnad, ull og brukseigenskapar. Vêrlammet til Odd-Harald Heggen som gjekk heilt til topps enda på 165 poeng. Lammet hadde i utgangspunktet ein indeks på 137 poeng og fekk 9 for bein 9 for ull og 10 for brukseigenskapar, der 10 er den høgste poengsummen. Vêrlammet går no inn i avlen i Nordfjord vêrring, avdeling Eid, saman med åtte andre av dei som vart kåra.

Einar Helge Haugstad fekk raud sløyfe for vêrlam på 2. plass med 163 poeng.

Interessant

Heggen er med i vêrringen og har stor interesse av avlsarbeid, han inseminerer sjølv mellom 20 og 25 av dei kring 100 søyene sine med elitesæd. Sauebonden frå Heggjabygda forklarer at det er om å gjere å velje rett semin til søyene, slik at du får den optimale kombinasjonen av mors- og farseigenskapar hjå avkomma.

Det er litt meir arbeid å passe på brunst når ein skal inseminere med frosen sæd, samanlikna med å bruke vêr. Som medlem av vêrringen kan du bruke inntil 30 % semin elite, og ein må elles nytte vêrane i ringen.

Dei beste lamma

Poenget med kåring av vêrlamma er å skape interesse for avlsarbeid og syte for at ein plukkar ut dei beste lamma med dei beste brukseigenskapane. De vert teke omsyn til at ein skal unngå lammingsvanskar, mellom anna ved at vêrane ikkje bør ha for store hovud, ikkje for gov beinbygnad og eit hellande godt kryss. I tillegg er gode bein veldig viktig samt god kvalitet på ulla. Ulla skal ikkje ver for grov og ein vil ikkje ha marghår og dyrehår. Lynne blir også vurdert.

I år viste det seg at ein av seminvêrane som vart brukt i fjor hadde dårleg ullkvalitet, noko som førte til at ein del av lamma kom ned på 7-talet på ull.

Det var åtte sauebønder med på vêrkåringa på Nordfjordeid i haust, om lag som det bruker å vere. Det vart stilt 42 vêrlam, og 38 av desse vart kåra.

Dommar var i år som i fjor Audun Nedrebø og Inge Erikstad frå Jølster.

Kåringsansvarleg i avlsutvalet i Sogn og Fjordane Sau og geit, Einar Helge Haugstad seier at beitesesongen i år har vore dårlegare enn i fjor dei fleste plassar. Beitekvaliteten blir betre når det er mykje snø i fjellet, då kjem ikkje alt graset med ein gong, men det blir nytt friskt gras oppetter fjellsidene etter kvart som snøen smeltar. Det har vore ein sommar med mykje regn, dyra blir ståande mykje i ro i ly for vêret, dei blir gåande våte og trivst ikkje så godt som når vêret er fint.

Odd-Harald Heggen fekk både kvit sløyfe og blå sløyfe for gode vêrlam. Foto: Privat
HeggjaGromen gjekk heilt til topps med dommarpoeng på 9,9,10, og vert no sett inn i avlen. Foto: Privat