I fleire år har det vore diskusjon rundt aldersgrensa på festivalcampen. Ein har til no valt å sleppe inn 16-åringane på campen med grunngivinga at då veit ein kvar dei er, og ein slepp at dei flyr gatelangs og utanfor området der det er mindre vakter.

Problemet er at festivalcampen har for fleire 16-åringar vorte ein gedigen festarena der ein skal bli full. No har politiet signalisert at dei ønskjer 18-årsgrense, noko festivalleiinga rettar seg etter.

Vi forstår dilemmaet til festivalen. Ingen ønskjer at ungdom skal rave gatelangs. Kanskje må foreldre ta eit større ansvar. At festivalen no gir billegare billettar til dei under 18 år trur vi er eit lurt grep for å få fleire til å vere inne på festivalområdet. Det er også det festivalleiinga ønskjer.

Vi trur ikkje det blir ramaskrik for at ein vel å gjere om til 18-års aldersgrense på campane.

Etter at Fjordabladet skreiv om saka i tysdagsavisa er det mange som har kommentert «endeleg» om den auka aldersgrensa.

Gjennom fleire år har vi høyrt på fortvilte foreldre som har hatt store problem med å nekte ungdommen sin å vere på festivalcampen – fordi alle vennane er der. Nokre foreldre har også blitt mektig overraska når dei har oppdaga at campen sleppte inn 16-åringar. Mange har tatt det som ein sjølvfølgje at dette var for dei over 18 år og oppover.

Vi registrerer også at ungdom over 18 år synest sjølv det er greitt at 16-åringane heretter blir haldne utanfor. Politiet har på si side måtte hanskast med ein del episodar som omfattar ungdom under 18 år.

Det er mykje fin ungdom i Nordfjord, og ein skal sjølvsagt ikkje stemple alle ungdommar under same kam når det er snakk om fulle mindreårige. Men så lenge aldersgrensa for å kjøpe øl i Norge er 18 år, kan det også vere fornuftig å halde seg til den aldersgrensa på festivalcampen ettersom det naturleg nok er ein arena der det vert konsumert ein del øl der.