UNNGÅ KUTT: Leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes, lovar å jobbe for å unngå kutt i løyvingane til Norsk Fjordhestsenter.

UNNGÅ KUTT: Leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes, lovar å jobbe for å unngå kutt i løyvingane til Norsk Fjordhestsenter.

Regjeringa vil kutte i løyvingane til hestesenteret

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett ligg det inne eit kutt i løyvingane til Norsk Fjordhestsenter på 600.000 kroner.

Det er tredje året på rad at regjeringa har gått inn for å kutte i løyvingane til hestesenteret, men Stortinget har kvart år tidlegare teke summane som er forsøkt kutta inn att.  

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane senterparti, Sigurd Reksnes er oppgitt over at regjeringa kvart år foreslår nedskjeringar og ikkje tek signala frå Stortinget om at ein ikkje ønskjer kutt i løyvingane til hestesentra.

 – Det blir lite føreseieleg og krevjande for hestesenteret at dei år etter år må ta ein omkamp. Det er ein viktig jobb dei gjer for storsamfunnet. Viss ein meiner noko med å ta vare på dei gamle hesterasane, så må ein vere villig til å bruke litt pengar på det, meiner Reksnes. Fylkesleiaren lovar å jobbe for at Stortinget også denne gongen skal hindre at ein unngår kutt i løyvingane til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk hestesenter, som til saman i regjeringa sitt budsjettframlegg har fått redusert sin pott med 1,2 millionar kroner.