Fleire brot på køyre- og kviletid

Statens vegvesen heldt kontroll på Kjøs tysdag.

Totalt vart 29 køyretøy kontrollerte med dette resultatet:

  • 2 sjåførar vart melde for brot på køyre- og kviletida. Ein av sjåførane hadde køyrt utan kort i fartskrivaren for å lage seg pausar i køyringa, og den andre hadde for korte vekekvilperiodar.
  • 1 sjåfør fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletida.
  • 2 sjåførar fekk bruksforbod for gjenstandar i siktsone i køyretøyet.