Frå ei tidlegare avrøysting i Eid rådhus. 
            (Foto: Illustrasjon)

Frå ei tidlegare avrøysting i Eid rådhus. Foto: Illustrasjon

Seremonilokale i rådhuset

Det er no avklart kva som blir seremonilokale for borgarleg vigsel i Eid frå 1. januar neste år.

Kommunestyret i Eid vedtok på møtet sist torsdag at kommunestyresalen i Eid Rådhus skal vere Eid kommune sitt seremonilokale når kommunane overtek vigselsretten for borgarleg vigsel 1. januar 2018.

Vedtaket går ut på at lokalet kan nyttast kostnadsfritt for par som ynskjer borgarleg vigsel. Ordførar og varaordførar har vigselsrett. I tillegg vedtok kommunestyret delegert vigselsmynde til rådmannen, som igjen kan delegere det vidare til eit avgrensa tal tilsette.