Ja til friluftsråd

Eid kommune skal vere med i etableringa av eit nytt friluftsråd for Nordfjord frå 2018.

Frå kom deg ut-dagen på naturmøteplassen i Kjølsdalen i fjor.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Det vedtok kommunestyret i Eid sist torsdag. Målet med friluftsrådet er å gje større økonomisk handlingsrom for satsing på friluftsliv, samt å betre kompetansen og kvaliteten innan arbeidet med å legge til rette for friluftsliv i regionen.

For Eid kommune er kostnaden i oppstartsåret er 62.000 kroner. Alle kommunane i Nordfjord skal i løpet av hausten ta stilling til om dei vil vere med i det nye friluftsrådet.