I den første kontrollen vart 20 tunge køyretøy kontrollerte, med dette resultatet:

  • 1 førar fekk gebyr for manglande vognkort.

  • 1 førar fekk gebyr for manglande førarkort.

  • 1 førar fekk gebyr for utslite dekk.

  • 1 førar fekk teknisk mangel for sprekk i frontrute.

  • 1 førar fekk teknisk mangel for skade på dekk.

  • 1 førar fekk si tredje munnlege åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

I ein annan kontroll på Kjøs kontrollplass måndag ettermiddag/kveld vart 16 køyretøy kontrollerte med dette resultatet:

  • 3 førarar fekk bruksforbod på grunn av gjenstandar i frontrute/siktsone, og måtte fjerne desse før dei kunne køyre vidare.

  • 2 førarar fekk skriftlege åtvaringarar for mindre brot på køyre- og kviletida.

  • 1 sjåfør vart pålagd døgnkvil på staden for brot på køyre- og kviletida.