For mange kjem ikkje funna som noko overrasking. Før i tida var det dessverre vanleg å dumpe bilvrak og anna avfall på djupt vatn, på same måte som det var vanleg å grave ned avfallet eller brenne avfallsbål heime på garden.

Bilar vart også køyrt ut på isen på Hornindalsvatnet, og når isen smelta fekk bilane gravplassen sin i vatnet. Dette var vanleg, og få reagerte på dette tidlegare.

Ein kan sjølvsagt stille spørsmål om kvaliteten til Nordfjordeid sentrum si nye drikkevasskjelde. Botnen i Hornindalsvatnet kan mange stadar vere full av miljøskadeleg og helsefarleg avfall, noko som på alle måtar er urovekkande. Totalomfanget veit vi lite om.

Før vassverket vert sett i drift skal det lagast risikoanalyse for det som skal inngå i eksisterande beredskapsplan for vatn. F.eks. ved eit uhell med tankbil med helsefarleg stoff som renn ut i vatn.

Det som er påfallande er at INGEN snakkar om kva ein skal gjere med det som allereie ligg på botnen av gamle synder. Kva med å kartlegge omfanget og heve det? Kvifor ikkje reinse opp? Hadde det vore på land hadde det vore pålegg om opprydding for lenge sidan. Etter vårt syn må ein fjerne kjelda til det som no skapar uro. Det vil vere meir tryggande enn katastrofeplan om ein lastebil veltar.

Folket i m.a. Leivdalen og Holmøyane har i årevis hatt Hornindalsvatnet som drikkevasskjelde. Vatnet blir testa ein gong i månaden, med ei utvida testing ein gong i året. Det viser godt innanfor verdiane, men det betyr også at der er noko som ikkje er heilt som det skal vere. Det kan også vere grunnlag for å sjekke rutinar for avrenning frå landbruk langs vatnet.