– Avgjerande for vårt val om å ta over utstyr og personell frå konkursbuet hadde samanheng med at vi ikkje såg at vi var i ein god forhandlingssituasjon for å gå inn på ein ny kontrakt med ekstern leverandør. Etter å ha rekna på det, og fått kvalitetssikra reknestykka våre, fann vi at NoMil kunne levere innsamlingstenesta til same pris som vi hadde med RenoNorden, sa Kristen Hundeide og la til at det utstyret dei har kjøpt frå konkursbuet fekk dei til ein god pris. Vidare at alle renovatørane no er fast tilsette i NoMil IKS. Om vi kjem til å vidareføre innsamling i eigen regi, når vi må fornye eksisterande leasingkontraktar på køyretøy står att og sjå, sa Hundeide.