Det er ikkje så vanleg at ei midtvekeframsyning går for fulle hus, men i år er det spesielt, med mange nye publikummarar. Opera Nordfjord har til no selt 1100 billettar meir enn i fjor. På dei tre siste framsyningane av Sildagapet til helga, er det litt over 300 billettar ledige, mest på den siste framsyninga søndag.

– Det er veldig mange frå andre stadar, mange som hugsar sildetida. Dette er ei framsyning som treff folk i hjartet. Folk er begeistra og rørt, fortel Pavelich som håper at dei  nye publikummarane får smaken på opera og blir med vidare til La bohème neste år.