Siste sjanse til å nyte sola

Dersom du vil vere ute i sol og opphaldsvêr, bør du gjere det i dag.

Frå Nordfjordeid sentrum rundt klokka 14.30 i dag.   Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

Vêrmeldingane for den komande veka er nemleg ikkje særleg lystig for dei som likar å vere ute i sola. Yr.no melder om sju samanhengande dagar med regn på Nordfjordeid, frå i morgon til måndag neste veke.

Resten av dagen i dag, måndag, blir det meldt om delvis skya, opphaldsvêr, med temperatur litt under ti grader.