Dette skjedde under regionsmøtet for sanitetsforeiningane i Nordfjord i Eid rådhus i kveld. Blant dei som heidra Ragnhild Bjørlo var organisasjonsleiar i Norske Kvinners Sanitetsforening, Ellen Sofie Egeland. Ho sa blant anna dette i si tale:

– Du er så inderleg fortent å få denne utmerkinga. Vi har ein klok Konge.

Til stades i Eid rådhus var over 60 gjester. Dei aller fleste sanitetskvinner frå regionen, men også Ragnhild Bjørlo sin næraste familie. Der finn vi, som mange vil vite, Eid-ordførar Alfred Bjørlo, som er sonen til Ragnhild. Han understreka at han ikkje har vore involvert i noko som helst i saka, og at han først nyleg fekk vite om at mor Ragnhild skulle få denne utmerkinga. Då Eli Førde Aarskog, som har flytta til Trondheim og inntil nyleg har vore varaordførar i Eid ikkje var til stades, tok han sjølv på seg oppgåva med å dele ut blomar frå kommunen.

Ei fyldigare dekking av utdelinga kjem i neste papirutgåve av Fjordabladet.