Det har blitt tradisjon at solistar og musikarar frå Opera Nordfjord stiller opp og bidreg på kyrkjekonsert under operavekene i samband med TV-aksjonen. På årets konsert blir det servert ei god blanding av alt frå Old Man River og Nordfjordsongen til Raftevoldskruna, tangoarrangement og negro spirituals. Og kanskje får publikum ein smakebit av avslutningskoret i årets operaframsyning, Sildagapet.

Ei gåve

– Kom på konserten og nyt det. Ta imot den som ei gåve frå Opera Nordfjord. Dette er ein av dei finaste konsertane vi har i Eid. Det blir eit breitt program med høg kvalitet, lovar operasjef Kari Standal Pavelich. Ho er oppteken av at ingen skal ha dårleg samvit om dei kjem på konserten og ikkje legg igjen ei krone, men for dei som vil er det i staden for inngangsbillett høve til å gi eit bidrag til årets TV-aksjon. Opera Nordfjord har fått låne kyrkja, solistane og andre medverkande stiller opp gratis, hovudsponsorar betaler annonsering og Hildenes Gartneri stiller med blomepynt.

Utdanning

Inntektene frå årets TV-aksjon går i år til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn ramma av krig og konflikt. UNICEF jobbar målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av dei vaksne sine krigar og konfliktar.

TV-aksjonen 2017 skal gi utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 22.oktober