Dei framandspråklege elevane i innføringsklassa ved Eid vidaregåande skule blir kjent i nærområdet. Eid kyrkje er mellom dei stadane som har vekt interessa deira. F.v. Ahmad, Namaa, Amani og Rasha. 
            (Foto: Tone Eide)

Dei framandspråklege elevane i innføringsklassa ved Eid vidaregåande skule blir kjent i nærområdet. Eid kyrkje er mellom dei stadane som har vekt interessa deira. F.v. Ahmad, Namaa, Amani og Rasha. Foto: Tone Eide

Innføringsklassa ved EVS

Lærer meir om Eid

Dei har nyleg kome til Eid, og Eid kyrkje er mellom dei tinga som har veka interessa deira.

Ei gruppe på seks framandspråklege elevar var på vitjing i kyrkja måndag.

Innføringsklassa ved Eid vidaregåande skule består av ungdom frå Syria og ein elev frå Polen. Vi hadde vore ein tur gjennom Eidsgata, Rådhusvegen og Skulevegen på førehand, og elevane fatta spesielt interesse for kyrkja.

Historia til kyrkja

Kyrkjeverje i Eid, Kristen Hundeide, svara positivt på å hjelpe oss med omvising inne i kyrkja.

På tydeleg og enkel norsk, fortalde han historia til kyrkja frå den første kyrkja på Eid var sett opp på 1200-talet. Ei lita stavkyrkje vart bygd nær Myklebust-garden. Etter at kyrkja brann ned, vart ny kyrkje bygd i området Mel.

Omkring år 1550 bygde dei ny kyrkje nede ved fjorden som stod fram til 1849. Da denne brann ned, bygde dei noverande kyrkje.

Stort utbytte

Elevane hadde også stort utbytte av historia om kyrkjeklokkene, døypefonten og altertavla. Især var det spennande å høyre om kunstnaren Lars Kinsarvik som stod for fargeval og utsmykking av tak og vegger i kyrkja. At sonen hans var treskjerar og hadde laga dei små skulpturane rundt preikestolen var også tankevekkjande.

Kyrkja stod umåla fram til 1914, då desse kunstnarane fekk oppdraget som skulle bli til den praktkyrkja vi har i dag.

Storleiken imponerte

Elevane var nok imponerte over storleiken på kyrkja, og guiden vår kunne fortelje at her var sitjeplass til 700 gjestar, men at kyrkja var bygd til 900 folk i si tid. Det seiast at kyrkja er rekna som den største i Nordfjord.

Tilbake i klasserommet, samanlikna vi det som var likt og det som var ulikt ved kristendommen og islam. Begge religionane har felles at menneske skal vere gode mor kvarandre, angre syndene sine og tilgje kvarandre. Dette går att i den katolske, den ortodokse og den protestantiske kyrkja, så vel som i islam. Det som skil dei to religionane er at islam har lovar for bønn, klesdrakt, hygiene, mat og drikke. Moskéane kan vere både mindre og større enn kyrkja vår.

Ein særs takk til Kristen Hundeide for nyttig og lærerik skuletime i kyrkja.

Helsing A-klassa.