Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal har på vegne av Malakoff Rockfestival tidlegare blitt tildelt Fylkeskulturprisen. Fristen for føreslå, og overraske  einskildpersonar og/eller lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane dette året, er sett til 1. november.
            (Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal har på vegne av Malakoff Rockfestival tidlegare blitt tildelt Fylkeskulturprisen. Fristen for føreslå, og overraske einskildpersonar og/eller lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane dette året, er sett til 1. november.Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Kven fortener årets fylkeskulturpris?

Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2017?

No ynskjer fylkeskommunen framlegg til kandidatar til fylkeskulturprisen 2017. Prisen har tidlegare gått til mellom andre Malakoff Rockfestival, Oddbjørn Hjelmeset og Sigrid Moldestad.

Kriterium

Prisen går til einskildpersonar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Prisvinnaren må ha vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Prisen er på 50 000 kr og eit diplom. Utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember. I fjor gjekk prisen til Ove Henning Solheim og Dans Utan Grenser for arbeidet med å etablere og drive danseverkstadar.

Fylkeskommunen har delt ut fylkeskulturprisen sidan 1980. Målet er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane, og å inspirere til å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Fristen for å nominere kandidatar er 1. november 2017.