Når vi i desse dagar kan oppleve vår nære historie på operascena på Nordfjordeid, er det faktisk ein del folk som har opplevd sildeeventyret sjølve. Ein av dei som var med i Måløy for 60 år er Ingebrigt Lid på Haugen i Eid. Mange kjenner han som grunnleggar av bedrifta Eid bruk, som har starta opp i 1969. Men før den tid fekk han mellom anna prøve seg med lossing av sild i Måløy. Vinteren 1954 var han i Måløy i rundt to månader, for å losse sild frå båtar som kom inn.

– Det var han Arnfinn Halse på Stårheim som tok kontakt med meg. Han hadde hatt arbeid i Måløy, og no var det trong for fleire folk. I starten på februar 1954 reiste vi utover. Det var eg, Arnfinn Halse, Johan O. Myrold frå Stårheim, Nils Standal frå Haugen og John Solheim frå Dombestein. Til saman utgjorde vi ein lossegjeng som skulle ha ansvaret for å få silda frå fiskebåten og over i ein større lastebåt, seier Ingebrigt som beskriv arbeidet som hardt, og ikkje så lite ufordrande. Når silda kom inn til hamna i Måløy var den plassert i eit lasterom i båten.

Med sild opp til knea

– Vi var fire mann som stod i dette sildehavet, gjerne med sild opp til knea. Så fekk vi inn tønner på eit tautrekk i frå taket. På ei kort stund skulle vi fylle ei slik tønne med sild, før den gjekk vidare opp til lastebåten. Ei tønne tok ein hektoliter, eller hundre liter. Vi hadde ein stor håv som vi fekk silda opp i, og så var det å tømme det opp i tønna. Ein mann stod ute på lastebåten for å ta silda frå tønna og opp i den båten. Det var ikkje tid til pause. Så snart ei tønne var fylt, kom det ei ny på plass. Vi måtte halde eit bra tempo for å ikkje sinke arbeidet, seier Ingebrigt som kan minnast arbeidsdagar opp til heile 36 timar.

– Når båtane kom inn måtte vi berre stå på og jobbe. Ein gong var det så mykje sild at vi jobba 36 timar i strekk for å losse ein båt med heile 1800 hektoliter sild. Dei som kom inn med båtane kunne ikkje vente med båten full av sild. Den måtte lossast med ein gong, slik at dei kunne reise ut att. Det var ikkje noko regulert arbeidstid i det heile. Nokre gonger var vi slitne etter å ha lossa ein båt, men så måtte vi berre gå på med neste. Kvar lossegjeng hadde ein lossebas og han var hissig på å få arbeidet unna, seier Ingebrigt som trass hardt arbeid og lange dagar ser tilbake på dette sildeeventyret med glede.

God inntekt

– Før eg reiste ut til Måløy hadde eg gått eit år på folkehøgskulen på Nordfjordeid. Elles var det arbeid på garden heime på Lid, der eg var odelsgut. Eg var med i arbeidet frå eg var konfirmert, både på garden og i skogen. Etter sildefisket reiste eg i militæret, og etter det starta eg med arbeid som snikkar. Men sildefisket utmerka seg med god inntekt. På ei veke kunne vi tene frå 1500 til 1700 kroner. Det var over tre gonger meir enn den vekelønna eg seinar fekk som snikkar. Ved sidan av gode pengar, var det ei oppleving for oss gutane å få komme ut til Måløy. Heile hamneområdet var fullt av fiskebåtar, silda stod i sjøen og det var yrande liv over alt. Det er nokre veker som eg aldri kjem til å gløyme, seier Ingebrigt som seinare bygde seg opp med ei sentral bedrift innan trelast og byggjevare i Eid.

– Heile livet mitt har vore eit eventyr. Eg hadde mange gode og kjekke år på Eid bruk. Flinke tilsette og mange hyggjelege og gode kundar. Det var motivasjon for meg kvar dag å få vere med på å utvikle den bedrifta. Eg har alltid vore glad i å arbeide, og eg meiner det er viktig at dei unge får prøve seg ute i praktisk arbeid. Det er synd at det skal vere så vanskeleg for ungdommen å få innpass i arbeidslivet i dag. Som ung så sit ein med krefter og pågangsmot, og det er viktig å få bruke dette, seier pensjonisten som enno i dag er ung til sinns og lett på foten.

Når silda stod i sjøen var det gode pengar å tene for mange. Ikkje minst draup det også på ungdom frå heile Nordfjord.
Ingebrigt har vore på opera kvart år heilt sidan oppstarten av Opera Nordfjord. –Eit veldig bra initiativ som betyr svært mykje for kulturlivet i Eid, seier han.