Tysdag kveld vart operavekene og årets operautstilling opna med brask og bram, før Bergset Mote i samarbeid med Fin Frisør og Hudpleie hadde mannekengoppvisning i Gamlebanken. Og på den raude catwalken stilte mellom anna både operasjef Kari Standal Pavelich, ordførar Alfred Bjørlo og gallerist Arve Espe.

– Her er det duka for både kultur, mote, opera og fest, fastslo Mariann Bergset som presenterte moten for hausten.