Gründer John Olav Lefdal var ein av initiativtakarane bak samlinga på Nordfjord Hotell torsdag og fredag sist veke, der 53 næringslivsaktørar frå Eid og Selje kommunar deltok.

– Min konklusjon er at det var eit positivt møte. Eg har trua på at vi skal få dette til, seier Lefdal.

Kort varsel

Han understrekar at ein er tidleg i prosessen, og at ingen konklusjonar er trekte enno.

– Vi vil ha eit nytt møte innan to månader, spesielt fordi dette møtet vart stelt i stand på kort varsel. Då vil vi få med oss dei private næringslivsaktørane som ikkje var med i denne runden, seier Lefdal.

– Vi må stå saman

Bakgrunnen for samlinga er at det eksisterande næringsutviklingsselskapet for Eid, Selje og Vågsøy, Nordfjord Vekst, om kort tid kjem til å vere historie. Derfor ønskjer ein å få på plass eit nytt selskap, som skal jobbe for utvikling innan næringslivet.

– Det vi har som utgangspunkt no er at vi ønskjer å ha éin næringsutviklingsorganisasjon for nye Stad kommune. Vi er samde om at vi må stå saman. Om dette blir eit reint privat selskap, eller om kommunen bør gå inn på eigarsida, har vi ikkje tatt stilling til. Uansett ønskjer vi å ha med Stad 2020 (den kommunale samarbeidsorganisasjonen mellom Eid og Selje mot nye Stad kommune) på laget i prosessen framover, seier Lefdal.

Lita kommune i stort land

Det var Olav Steimler frå Ervik Havfiske som var «programleiar» for næringslivssamlinga, og éin av dei han introduserte som føredragshaldarar var velkjente Arne Hjeltnes, best kjent frå «Gutta på Tur» på TV2. I dag er dagjobben hans arbeidande styreformann og aksjonær i kommunikasjonsselskapet Creuna Norge.

– Stad blir ei lita kommune i eit stort land, og vi er eit lite land i ei stor verd. Resten av verda er ikkje frå Eid og Selje, så de må samarbeide. Det er nok alle samde om. Utfordringa blir å konkretisere kva dette samarbeidet skal gå ut på, sa Hjeltnes, som nemnde det å handle lokalt som eitt punkt ein bør ha med i ei konkretisering.

Trur på Nordfjord-kommune

Arne Hjeltnes har tidlegare vore sterkt involvert i arbeidet med å utarbeide ein ny visuell profil for Nordfjord, i tett samarbeid med destinasjonsselskapet Visit Nordfjord. Under næringslivssamlinga for nye Stad kommune på Nordfjord Hotell sist veke la han ikkje skjul på kva han trur kommunestrukturen vil ende opp med:

– De er jo tidleg ute med samanslåing av Eid og Selje, men det blir jo ein Nordfjord-kommune til slutt, sa Hjeltnes.