Reaksjonane er mange etter at renovasjonsfirmaet RenoNorden vart slått konkurs. Renovasjonsgiganten har hatt kontrakt med om lag 140 norske kommunar. No ber Fagforbundet kommunane om å ta renovasjonen tilbake.

Ber innstendig

– Vi ber innstendig politikarane i Eid om å tenkje seg godt om. Til liks med vatn og kloakk må renovasjon vere ei kommunal oppgåve. Ein må gå gode rundar for å få tilbake renovasjonen på kommunale hender, meiner konstituert leiar Magnar Aase i Fagforbundet Eid.

– Vi som sit i kvart vårt hus er avhengig av at nettopp vatn, kloakk og renovasjon fungerer. Når du samtidig høyrer om at renovasjonsfirmaet sentralt puttar millionar av kroner i eigne lommer, så blir ein fortørna, seier hovudtillitsvald Barbro Os Noste.

Ikkje egna

Fagforbundet meiner at ein nok ei gong har fått eksempel på at kommersielle selskap ikkje er egna til å drive offentlege velferdstenester.

– Dei som køyrde søppelbilane gjekk ned 25 kroner i løn i timen på kort varsel, samtidig som styret i RenoNorden hadde auka sine styrehonorar. Det er ikkje slik vi vil ha det, seier dei bestemt.

Våren 2017 var det renovasjonsselskapet Veireno i Oslo som gjekk konkurs. No er det RenoNorden. I Sogn og Fjordane er det 24 kommunar som vert råka av konkursen.

Kriseplanar

Konsekvensen er at kommunane på kort varsel må ta over søppelhandteringa for å unngå søppelkrise. Konkursen var venta og mange av kommunane har utarbeida kriseplanar.

Dei viser til at nokre allereie har lyst ut anbod, nokre har sagt dei midlertidig vil overta tenesta, medan andre har bestemt at dei vil ha renovasjonen i eigen regi på varig basis.

– Må ikkje bryte saman

Fagforbundet meiner at eigenregi er den beste løysinga, og vil arbeide for at dei råka kommunane i Sogn og Fjordane set dette på dagsorden snarast.

Dei er opptatt av at renovasjonen ikkje bryt saman, og vil bidra til at kommunen så fort som mogleg får sin eigen søppelhandtering på beina slik at innbyggjarane ikkje vert skadelidande.

– Det er innbyggjarane sine pengar dei forvaltar, og vi forventar at kommunen brukar pengane våre på ein best mogleg måte, fastslår Aase.

Tar tak

– Renovasjon er noko vi må ha. Etter denne konkursen gå det ikkje an å late som før. Vi forventar at politikarane tar tak i dette, er den klare beskjeden frå Fagforbundet Eid.

– Dette handlar om heile Nordfjord, ettersom renovasjonsordninga er interkommunal. Nomil er eit sjølvstendig selskap som kommunane eig, og dei igjen leiger inn folk til å handtere renovasjonen, og då har ikkje kommunane kontroll lenger, meiner Aase og Noste.

Stabilitet

– Vi har tru på politikarane i Eid, at dei har nokon tankar i hovudet om dette. Om ein ikkje tek diskusjonen er det noko som ikkje er som det skal vere, seier Aase. Han meiner saka er ein vekkjar for mange.

– Det offentlege må ta affære.Om vi eig renovasjonen sjølv blir stabiliteten ein annan, hevdar dei, og meiner konkursen er eit stjerneeksempel på at det ikkje fungerer med kommersiell drift av renovasjonen.