Måndag i førre veke vart det kjent at RenoNorden var slått konkurs, etter at DNB og den Danske Bank ikkje lenger ville finansiere drifta. Det oppnemnde bustyret fekk frist fram til torsdag denne veka med å finne fram til varige løysingar for avfallshandteringa som RenoNorden har hatt for 133 norske kommunar.

– Å tre inn i kontrakten NoMil har hatt med Reno Norden var den absolutt beste løysinga for NoMil. Hadde vi ikkje gjort det måtte vi sett oss ned og forhandla med andre tilbydarar for å finne fram til ei løysing, seier Kristen Hundeide, styreleiar i NoMil til Fjordabladet.

Om Nomil IKS

NoMil er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn. Hovudoppgåve til selskapet er å ta hand om hushaldsavfallet i dei nemnde kommunane. NoMil administrerer mellom anna renovasjonskøyring, mottak av avfall på returpunkt, samt vidaresending av avfall, i tråd med vedtak i kommunane.

– Etter at vi måndag 18. september fekk melding om konkursen i RenoNorden, har det vore viktig å finne fram til ei varig løysing, slik at ikkje abonnentane våre skulle bli skadelidande, seier Kristen Hundeide.

Full pakke

– Avtalen som vi har signert med konkursbuet går i korte trekk ut på at vi overtek personell, bilpark og anna utstyr som RenoNorden har hatt for å hente inn avfall i Nordfjord-kommunane. Avtalen som vi no har signert var den raskaste og beste løysinga i den noverande situasjonen, seier Hundeide.

Gebyrauke?

– Vi har forstått at ein del av kontraktane som RenoNorden har hatt har vore dårlege for selskapet, noko som også har ført til konkursen. Kan NoMil sine abonnentar vente ein auke i gebyra når NoMil overtek innhentinga av avfallet sjølve?

– Med det vi veit i dag, er det ikkje grunnlag for å auke avfallsgebyra frå vår side, seier styreleiar Hundeide som understrekar at det absolutt viktigast for NoMil har vore å kome fram til ei varig løysing som både er bra for abonnentar og avfallsselskap.