Eid mannskor vil gjerne ha meir rekruttering. No ved skulestarta mista dei fire unge koristar, og var nede i 18 kormedlemmer. Etter det er det to unge som har starta opp, så no er dei 20. Men dei treng fleire, helst seks stykker på kvar stemmegruppe. For å appellere til fleire unge har dei gjort vedtak om at det er gratis å vere med for dei under 30 år.

Revy og tur

Leiar i mannskoret, Paul Helgesen, opplyser at dei i 2018 har planar om revy og utanlandstur. Sist dei hadde revy var 31. mars i år. Der dei mellom anna tok føre seg vikingstaden Eid. Mannskoret har øving kvar tysdag, og dei ønskjer ein låg terskel for å vere med. Så kan du synge ein tone eller to er det berre å møte opp.