Auka barnetal i Kjølsdalen fører ikkje minst med seg fleire barn i Kjølsdalen montessoribarnehage. I år er barnehagen godkjend for 27 barn, og har fullsett alle plassane. Hausten 2018 vil det truleg vere trong for 35 plassar i barnehagen. Då må det søkjast om utvida godkjenning hjå Eid kommune. Då barnehagen starta opp hausten 2013 var det atten barn i barnehagen. No kan det altså gå mot ei dobling på berre fire år. I fjor opplevde bygda Kjølsdalen ein babyboom med heile ti fødde barn. Dette er det meste på femten år, og det doble av gjennomsnittet dei siste femten åra. Fleire barn fører med seg auka aktivitet både i barnehagen og på Kjølsdalen montessoriskule. Styrar i barnehagen, Silje Myklebust, seier at dei har plass til alle barna, men at det altså må søkjast om utvida løyve frå kommunen.

– Vi kan ikkje søkje om utvida løyve før vi har fått inn søknadane ut på vårparten. Men vi ser no at behovet kan bli langt større enn i dag. Ikkje minst er det mange yngre søsken av dei som allereie har plass som no nærmar seg barnehagealder. Det er naturleg å tenkje at foreldra vil søkje om plass her, seier Silje Myklebust.

Påbygg

Barnehagen, som er leigetakar i bygget til Kjølsdalen montessoriskule, er no i dialog med skulen om å få på plass arealutviding mot nord på 40 kvadratmeter. Det vil i så fall være barnehagen sjølv som må ta investeringa. Eit alternativ er ferdigbygde modular, som kan tene som garderobe og bad med stellerom for avdelinga 0-3 år. Dette har det vore tankar om sidan heilt sidan barnehagen flytta inn i lokalane vest i skulebygget. Då vil kvar av dei to avdelingane ved barnehagen få kvar si garderobe og kvar sin inngang. Noko som vil gjere kvardagen i barnehagen betre. I tillegg vil dei tilsette i småbarnsavdelinga få si eiga garderobe. Det blir likevel understreka at ein slik utviding ikkje blir gjort for å få meir plass i barnehagen, men for å få ein meir funksjonell barnehage. Med det arealet dei har i dag er det plass til ein auke opp mot 35 barn.

Meir utetid

Ved sidan av påbygget mot nord, satsar barnehagen også på å etablere eit bygg ute på rundt 30 kvadaratmeter. Dette blir eit slags uterom, der barna kan ha kleda sine, lage mat og gjennomføre måltida.

– Ein tenkjer seg at denne uteplassen skal rullere mellom dei ulike gruppene ved barnehagen, med satsing på dei største barna. Det blir eit utebygg som enno er under planlegging. Vi vil etablere dette bygget fordi vi ønskjer meir utetid med barna heile året. Tanken er no at dette bygget skal isolerast og at det skal vere varme der, seier Silje Myklebust som opplyser at ein håpar på oppstart av utebygget i løpet av dette barnehageåret. Med fleire barn i barnehagen vil det på sikt også bli fleire barn på Kjølsdalen montessoriskule. Hausten 2022 kan det bli 43 elevar ved skulen, mot 35 per i dag. Ein auke på 23 prosent, som får rektor Thomas Hals til å tenkje på arealbruken i skulen.

– Vi tenkjer heile tida korleis vi best mogleg skal leggje til rette for montessoriprinsippa ved skulen, for det er annleis å drive ein skule med montessoripedagogikk. Både etablering av ein frittståande paviljong og utemøteplass ved fjorden har kome opp som alternativ. Dette er løysingar som både bidreg til auka fleksibilitet og areal, men som mest er påtenkt av pedagogiske grunnar, seier Hals.

– Å byggje på skulen vil i utgangspunktet vere for kostbart. Foreløpig er vi mest opptekne av at vi har klart å etablere om lag 25 arbeidsplassar i bygda, og ønskjer mest av alt å kunne ta i vare desse på best mogleg vis, seier Hals.

Kjølsdalen montessoribarnehage har eit areal på 180 kvadratmeter, og vil truleg søkje om utvida løyve med pluss åtte barn til neste haust. Foto: Inger Træen
Kjølsdalen krins har vore nede i ein bølgjedal når det gjeld tal fødde. Dei siste fire åra har trenden snudd og pila peikar oppover. Foto: Tormod Flatebø
Eit hus i skogen for meir utetid står på timeplanen ved Kjølsdalen montessoribarnehage. Styrar Silje Myklebust (t.v.) og vikarierande styrar komande år, Synnøve Nedrelid, håpar på at dette huset blir reist i inneverande barnehageår. I dag har Kjølsdalen montessoribarnehage elleve barn på avdeling 0-3, og sytten barn på avdeling 3-6.