Anlegget er montert av Energikompetansesenteret (EKS) og består av 16 panel som kan levere inntil 4,2 kW med kortreist straum.

– Vi har vald denne storleiken fordi det er eit passeleg anlegg for eit bustadhus seier Svein Lillestøl, prosjektleiar ved EKS.

Solcelleanlegget består av ein sørvend del og ein del som er aust-vest-orientert, slik at ein kan synleggjere fordelar og ulemper med begge konfigurasjonane.

– Bruken av solceller har auka drastisk i store delar av verda og høver faktisk godt her i nord, med kjølig luft og lite problem med nedstøving i forhold til land lenger sør. Solceller kjem no i mange forskjellige variantar som til dømes fasadeplater, takstein og tradisjonelle panel, som anten kan ligge utanpå taket eller innfelde i resten av taktekkinga. Med eit langsiktig perspektiv kan ein seie at om du legg solceller i staden for anna takstein/dekke får du ikkje berre eit gratis tak, men også eit tak som kan gje overskot, seier Lillestøl.

Mange involverte

Ein har samarbeidd med Universitetet i Bergen som har plassert ein veirstasjon på taket av skulen der solinnstråling, temperatur, nedbør og vind vert registrert og logga på ein server med web-grensesnitt.

Ein har også hatt dialog med netteigar SFE undervegs gjennom heile prosjektet og rådført seg med fagfolk hjå Skårhaug taktekk angåande belastning og slitasje på taktekkinga.

– Klar Energy frå Hareid har levert komponentane som dei sjølve har kvalitetssikra med omsyn til både forureining og arbeidstilhøve ved fabrikken som har produsert solcellepanela. Brannvesenet er også invitert til synfaring og oppmoda om å kome med innspel på korleis dei ynskjer at sikkerheita rundt slike anlegg skal takast hand om. Elevane ved Eid VGS jobbar no med å få anlegget presentert på ei webside, slik at alle som vil kan følgje med på straumproduksjonen til ei kvar tid, seier Lillestøl.

Åtvarar mot useriøse aktørar

Svein Lillestøl åtvarar dei som er interessert i solcelleanlegg mot mange useriøse aktørar på solcellemarknaden.

– Vi må lære av feila som vi gjorde for ein del år sidan då luft-luft varmepumper vart populære og veldig mange kjøpte billege varmepumper som ikkje varte i fem år eingong. Eit solcelleanlegg som er garantert å produsere min 85 prosent av det det gjorde som nytt etter 25 -30 år utan service eller vedlikehold på taket, må vere av god kvalitet og må monterast av kyndige folk. Det er òg eit etisk aspekt som går på måten utstyret vert produsert på, og korleis arbeidstilhøva for dei tilsette som produserer solcellepanela er, seier Lillestøl.

Lover og regelverk

– Eit godt tips er å sjekke berekningsgrunnlaget som dei ulike leverandørane brukar for straumproduksjon og økonomi, slik at ein ikkje er avhengig av at straumprisen må auke til tre kroner per kilowattime for at anlegget skal svare seg. I tillegg må ein forsikre seg om at leverandøren kjenner til lover og regelverk som omhandlar solcelleanlegg og kan informere om støtteordningar som til dømes Enova-støtte, seier prosjektleiar ved EKS, Svein Lillestøl.

Visningssenter

Eid vidaregåande skule og EKS, jobbar med å lage eit visningssenter for fornybar energi og nye tekniske løysingar i garasjeanlegget ved skulen. Her er det allereie på plass to varmepumper frå Moderne varme som hentar ut varme frå borehol i grunnen, og det er også her solcelleanlegget er tilkopla.

Elevane ved skulen presenterer anlegga på ein storskjerm ved hjelp av nye teknologiske løysingar som til dømes Rasberry Pi, eit lite kretskort som fungerer som ein PC eller smart-telefon.

Svein Lillestøl er imponert over ideane og nivået som elevane ved skulen syner, og skryt av leiinga som han meiner er framoverlent og villige til å satse på å få ny teknologi inn i undervisninga.