Fylkesordførar Jenny Følling deltok sjølv på møtet og kunne konstatere godt oppmøte og stort engasjement.

– Fylkeskommunen er ein stor vegeigar i fylket, og ønska og behova for nye vegprosjekt er formidabel i Sogn og Fjordane. Dette høyringsmøtet er ein viktig del av prosessen når vi skal leggje den omfattande planen og prioritere for samferdsla i fylket, sa fylkesordføraren.

Eit omfattande kunnskapsgrunnlag innan samferdsleområdet har vore utgangspunktet for arbeidet med transportplanen. Utfordringane er mange og store, og det er mange som ønskjer nye store investeringsprosjekt på fylkesvegnettet. Dei økonomiske rammene gir likevel ikkje handlingsrom til å gjennomføre alle gode, nye vegprosjekt.

Drift og vedlikehald av fylkesvegnettet

I Sogn og Fjordane har vi eit fylkesvegnett som er prega av stort forfall, særleg når det gjeld tunnel. Fylkestinget har vedteke ein tunnelrehabiliteringsplan for utbetring av fylkesvegtunnelar som er omfatta av tunnelsikkerheitsforskrifta, og andre nødvendige tiltak i tunnelane.

Utbetring av desse tunnelane skal vere fullført innan 2025 innfor ei ramme på 1,4 mrd. kr finansiert over driftsbudsjettet. Det gjer at det kan verte lite midlar til vedlikehald av andre delar av fylkesvegnettet i åra som kjem.

Det vil bli behov for meir og betre vedlikehald av kritisk infrastruktur som følgje av klimaendringane. Det er venta auka årstemperatur, meir nedbør, kraftigare og hyppigare styrtregnperiodar og større og oftare flaumperiodar. Vi vil få auka fare for flaum, skred og stormflo, noko som fører til utfordringar for vegar og tekniske anlegg. Det vil difor verte nødvendig med ei klimatilpassing av eksisterande fylkesveginfrastruktur.

Innanfor drift og vedlikehald av fylkesvegnettet vert følgjande overordna prioritering lagt til grunn:

a. Tunnelvedlikehald

b. Redusere forfall

c. Drift av fylkesvegnettet på dagens nivå, same driftsnivå som tilsvarande for riksvegar

Kollektivtrafikk

Kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane skal vere godt og tenleg for alle innbyggjarane i fylket, og det skal vere innretta slik at det når flest mogleg. Det skal vere enkelt å reise kollektivt, og rutesystemet skal vere heilskapleg og hengje saman med høvelege korrespondansar. Det skal vere enkel omstiging frå eit transportmiddel til eit anna på korrespondansepunkt.

Viktige knutepunkt, terminalar og transportmateriell skal vere universelt utforma. Desse skal opplevast som effektive og attraktive for dei reisande i fylket.

Kollektivtransporten står for store klimagassutslepp. I samband med framtidige anbod vil det bli lagt opp til ein gradvis reduksjon av klimagassutsleppa for å nå ei målsetting om tilnærma nullutslepp frå kollektivtrafikken innan 2050.

Innanfor drift av kollektivtrafikken i Sogn og Fjordane vert følgjande overordna prioriteringar lagt til grunn:

a. Vidareføre eit heilskapleg rutesystem

b. Klimatiltak

c. Universell utforming

d. Marknadstilpassing og marknadsføring

Investeringsprofil

Under høyringsmøtet fekk deltakarane presentert hovudtrekka i den nye transportplanen, og kva profil og ambisjonar som vert lagde til grunn for nye investeringar. I høyringsframlegget er det lagt opp til følgjande prioriteringar når det gjed investeringar:

1. Bundne prosjekt, som er definert til å vere fullføring av prosjekt som er starta opp, prosjekt som fylkestinget har vedteke skal inn i investeringsprogrammet 2018–2021, samt inngåtte avtalar.

2. Skredskring.

3. Mindre investeringar. Dette omfattar mellom anna gang- og sykkelvegar, mindre utbetringstiltak og trafikktryggingstiltak.

4. Nye store investeringar. Det er ikkje forslag om nye store investeringar i perioden 2018–2021, men det er lagt opp til å setje av planmidlar for å klargjere eitt eller fleire prosjekt for eventuell realisering etter 2021.

Klima

Sogn og Fjordane står overfor store klimautfordringar i åra som kjem. Det gjeld både klimatilpassing av eksisterande infrastruktur, bygging av ny infrastruktur og reduksjon av klimagassutslepp frå kollektivtransporten.

I anbodsutlysing av transporttenester innan kollektivområdet har fylkeskommunen stilt miljøkrav til både ferje, båt og buss innanfor til ei kvar tid tilgjengeleg teknologi. Krav som er stilte i gjeldande anbodskontraktar, er i ferd med å verte nasjonale krav i dag. Sjølv om det er gjort mykje innan kollektivområdet dei siste åra, er det langt fram til vi når nasjonale mål om nullutslepp frå kollektivtransporten i fylket.

Stor vegeigar: Fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Ragne Borge Lysaker. Foto: Ragne Borge Lysaker